Kommunestyret gjorde torsdag følgjande vedtak etter å ha fått ei orientering om søksmålsvarsla i varslingssakene i Sogn barnevern:

1.Kommunestyret i Sogndal kommune ber om orsaking for dei ulempene som varslarane direkte og indirekte er blitt påførde, og den belastninga som følgjer av ein krevjande prosess, særleg for dei involverte, men også for dei tilsette i Sogndal kommune og lokalsamfunnet. Kommunestyret vil også beklage at saka har drege ut i tid, og dermed påført ytterlegare belastning.
2. Kommunestyret ynskjer å avslutte saka gjennom ei minneleg avtale med varslarane, og tilbyr 3,5 millionar kroner.
3. Kommunestyret ber rådmannen leggje fram eiga sak om finansiering.
4. Kommunestyret er oppteken av at kommunen tek lærdom av saka, som kan hindre at liknande saker oppstår i framtida.

Sogndal kommune har fredag fått melding frå LO-advokatane om at varslarane har akseptert tilbodet frå kommunen på til saman 3,5 millionar kroner.