Dette lunsjmøtet er eit allmøte for alle tilsette, her er du velkomen med, anten du sit på heimekontor, lunsjrommet eller kontoret! 
I tillegg til meg, tek kommunalsjefane, ordførar, HTV-ar og HVO også turen innom. 

Det er ikkje så lett å organisere digital serving i lunsjen, så me lyt basere oss på medbrakt mat, men me håpar at de kanskje vil nytte høvet til å gjere noko triveleg på arbeidsstaden no før påske, til dømes organisere litt kaffimat. 

Viss de har spørsmål som de ynskjer å stille til meg eller dei eg har med meg, så kan de:
  • sende ein e-post til: ole.gunnar.krakhellen@sogndal.kommune.no 
  • sende ei direktemelding eller ringe på skype til kommunalsjef oppvekst Ole Gunnar Krakhellen. 
I forkant av møtet er det best å sende e-post, men undervegs i møtet kan det vere like lett å sende melding eller ringe via Skype.
Viss de ringer opp på skype får de høve til å vere med direkte i sendinga.

Påskelunsjen vert teke opp, og kan difor sjåast når det måtte høve for kvar og ein av dykk. 

Håpar at me kan samlast mange til digital påskelunsj på fredag! 

Beste helsing,

Ellen Marie Njøs Lillesvangstu
rådmann