Med brettboka har du og elevane dine alltid tilgang til læreboka, via nettlesar eller app til ipad. I portalen finn du eit omfattande utval av lærebøker i alle fag og til alle trinn. Her er også læreverk for norsk som andrespråk, samt lettleste bøker på fleire ulike språk. Kanskje skal heile klassen lese den same lettlestboka i engelsktimane denne veka? Sjå nærare på utvalget av digitaliserte bøker her.

Logg inn med Feide, gå til "skolekjøp" oppe til høgre, velg boka du vil ha tilgang til og bruk koden "corona20" i ruta for kampanjekode for å få fri tilgang. Boka legg seg i "mine bøker". 

skjermbilde av bestillingskjema for brettbok

Merk at du no kan innta rolla som bokinnkjøpar på vegne av din skule, og "kjøpe" bøker til din klasse. For å gjere dette klikkar du på dei tre prikkane øvst til høgre, og vel "Innta rolle". Du vil då kunne gjennomføre skulekjøp med fleire eksemplar, og dele ut bøker via "bokuttak", der kvar bok får ein tilgangskode du kan dele med elevane dine. Du kan også gjere bokuttak med fleire læreverk samstundes til ei gruppe, slik at koden du deler gjeld alle bøkene du vil eleven/elevane skal ha tilgang til. Vidare rettleiing til korleis ein kan bestille bøker på vegne av ein klasse eller ein skule finn du her.

Du har no mogelegheiten til å teste ut mange ulike digitale lærebøker over lengre tid. Bruk tida til å finne dine favorittar og teste ut funksjonaliteten i dei ulike læreverka! 

Video om Brettboka-app for Windows:

(Video © Elling Bjarneson Venjum)