Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Generelle verktøy og tips

Råd frå Udir

Utdanningsdirektoratet har no publisert ei ny kompetansepakke, samt råd som kan hjelpe skular og lærarar med opplæring/undervisning når elevane er heime.

Logo udir

Escaperoom i OneNote

Ein av Sogndalsskulens mange dyktige tilsette, Svein Erik frå Kaupanger Skule, har laga eit populært digitalt opplegg til elevane sine: Eit "escaperoom" i OneNote om vikingtida. Ein enkel måte å gjere den digitale heimeundervisninga meir spennande på - og ikkje minst eit veldig nyttig verktøy også etter koronatida! 

Illustrasjon escape-room

OfficeLens og Engasjerande Lesar

Ynskjer du å digitalisere analgogt undervisningsmateriell slik at du kan bruke det i di digitale heimeundervisning? Ved bruk av OfficeLens kan du enkelt scanne innhald frå papir til skjerm, samstundes som du beheld fromatering og redigeringsmogelegheit. I kombinasjon med Engasjerande Lesar i OneNote/Office kan dette sikre dine elevar språk- og lesestøtte.

Logo OfficeLens

Teams

IKT-avdelinga i Sogndal anbefalar alle tilsette og elevar å bruke Teams som plattform for å oppretthalde god kommunikasjon i denne perioden. Verkyet tillet mellom anna video/telefonmøter, chat, fildeling, samskriving, innlevering og mykje anna. Her kan finne meir informasjon om korleis du kan bruke Teams i di undervisning.

Nedst i artikkelen finn du nyttige instruksjonsvideoar laga av Elling frå Kvåle Skule. Her kan du også sjå eit konkret døme på korleis Randi og Team2012 ved Trudvang skule strukturerer dagane til elevane via Teams på ein enkel og god måte.

Teams Logo

OneNote i klasserommet

OneNote er eit kraftfullt verktøy som kan bidra til å organisere både ditt og elevane sitt skriftlege arbeid. Her kan elevane samle alle sine notatblokker i ei digital samling, og få utlevert oppgåver, samskrive og gjennomføre innleveringar på same stad - og du som lærar kan kommentere direkte i elevens arbeid, legge ut materiell og læringsinnhald som alle får tilgang til. Mari frå Kvåle skule har laga tre supre instruksjonsvideoar for å hjelpe alle dei som treng å lære meir om dette.

OneNote-logo

OneDrive som delingsverktøy

Som ein del av din O365-konto har du også tilgang til ei teneste for trygg lagring og deling av filer kalla OneDrive. Her kan du lagre filene dine, og enkelt dele enkeltfiler med andre dersom du ynskjer det. 

Logo OneDrive

Korleis lage video med opptak frå eigen skjerm

Det å undervise digitalt kan vera svært utfordrande. Ikkje alle elevar les lange forklaringar og instruksjonar like greit, ikkje alt let seg forklare via lydklipp - og det er ikkje alltid det passar å dele forklaringar ein finn på internett heller. Her kan du lese meir om korleis du kan bruke ein heilt vanleg pc til å produsere dine eigne instruksjonsfilmar!

Illustrasjon skjermopptak

Book Creator - anbefalt av StatPed

BookCreator kan brukast både frå nettlesar på PC og i app på iPad. Ved innlogging med Microsoft-konto/Feide kan du lagre inntil 40 bøker i ditt klassebibliotek samstundes. Med dette verktøyet kan du og elevane dine skape kreative, digitale bøker med interaktivt innhald, samt mogelegheit for opplesing, bilete, video og tilpassa tekststorleik.

Klikk deg inn her for å lese meir om korleis BookCreator er anbefalt av StatPed til bruk i det inkluderande klasserommet, og for å finne ut meir om korleis du kan komme i gang med bruk.

BookCreator illustrasjon

Unibok, digitale bøker for ungdomstrinnet

No har også Unibok.no opna for fri tilgang til sine digitale læreverk for ungdomstrinnet frå Cappelen Damm og Aschehoug! Det betyr at de helt gratis kan bruke digitale lærebøker i matematikk, engelsk, naturfag, samfunnsfag, tysk, KRLE og mat og helse. 

Unibok logo