Tema for møtet 24. november var samarbeid om NAV-tenester. Åslaug Krogsæter delte erfaringar frå NAV i Nordfjord, der dei har gått inn i eit vertskommunesamarbeid.

Sara Johnsborg, leiar NAV region Sogn, Jonas Førde i det regionale marknads- og inkluderingsteamet, Rigmor Watne i ungdomsteamet og Torill Nesheim i oppfølgingsteamet fortalde korleis dei samarbeider i sognekommunane og løyser felles oppgåver i regionale team.

Jonas Førde trekte mellom anna fram at dei ved å jobba i regionale team, får brei kunnskap om marknaden, og at dei kan sørga for like tenester til alle arbeidsgjevarar i regionen.

Marknads- og inkluderingsteamet til NAV i Sogn bidreg til betre kopling mellom behova i arbeidsmarknaden og ungdom, innvandrar og andre som blir ståande på utsida av arbeidslivet, men som ønskjer seg inn.