Illustrasjon til teksten

Tilsette og elevar i Sogndalsskulen er no i ein spesiell og uvant situasjon på grunn av tiltaka mot smittespreiing som er iverksatt. Alle skulane er stengde, og elevane mottek heimeundervisning på ulike måtar. Desse sidene er laga som ein hjelperessurs for alle lærarane våre som no må finne nye måtar å gjennomføre si undervisning på. Her kjem stadig meir informasjon, artiklar, minikurs, lenker, inspirasjon og anna som kan vera til nytte i planlegginga av digitale heimeundervisningsopplegg. Sjå menyknappane til venstre for å navigere deg vidare til "fagspesifikke ressursar", med oversikt over ulike ressursar inndelt etter fagområde, eller "generelle verkty og tips" for informasjon om gode verktøy du kan bruke og tips til andre stader du kan leite for å finne inspirasjon til undervisninga di.

Har du innhald som du gjerne vil dele, som kunne passe her? Både tips til gode ressursar, gode digitale undervisningsopplegg og minikurs eller rettleiingar - det er viktig at me deler og hjelper kvarandre slik at alle elevane våre får eit best mogeleg opplæringstilbod i denne perioden. Send inn dine forslag her! Hit kan du også gjerne sende spørsmål om verktøy eller ressursar du saknar til di undervisning.