Eit digitalt escaperoom kan setjast opp på fleire måtar. I dette dømet har Svein Erik brukt OneNote med passord på fanene, slik at elevane må løyse oppgåver eller finne hint for å komme seg vidare. Her kan du opne OneNoten og prøve deg - greier du alle oppgåvene? 

Dette er verkeleg ein spennande arbeidsmåte, som det absolutt er verd å bruke litt tid på å teste ut! Elevane tykkjer det er kjempekjekt, og du kan enkelt lede dei gjennom fagstoffet dei skal lære om. i OneNote-fanene kan du enkelt legge til fagstoff, lenke til artiklar eller videoar, legge inn lydklipp - det er strengt tatt berre kreativiteten som set grenser. Tenk også gjennom kva type spørsmål du stiller - ynskjer du å utfordre elevane slik at dei må gruble litt, eller vil du at dei skal kunne finne svaret direkte i ein tekst? Hugs at det kan vera ein fordel om svaret/passordet er enkelt å skrive rett, og oppgi på første side dersom alle passorda t.d.skal ha store bokstavar slik at ein unngår "feil passord" fordi ein manglar ein stor bokstav. 

YouTube-videoen under gir deg ei enkel oppskrift (på engelsk) for korleis du kan gå fram for å skape ditt eige digitale escaperoom:

Denne type inndelingar i OneNote kan også brukast til å lede elevane gjennom ei enkel rekke oppgåver. Då lagar ein eit enklare oppsett, som i videoen under (norsk), og resultatet blir meir som ein quiz. Prøv deg fram, og lag eit opplegg du veit engasjerer dine elevar. 

Har du laga eit escaperoom i OneNote som du vil dele, slik at andre lærarar kan låne det eller hente inspirasjon frå det? Send det inn her, så blir det lagt ut nedst i denne artikkelen!