- Folkehelseinstituttet har heile tida oppfordra til at ein bør ta lokale avvegingar. Me har per i dag eit lågt smittepress, og som ein sårbar region er det vårt ansvar å gjera det ytterste for å halda det slik lengst mogleg. Dette er inngripande, alvorlege tiltak, som statsministeren og helseministeren har sagt. Dette er ikkje noko korkje me eller sentrale styresmakter gjer med lett hjarta, men la det vera heilt klart: Desse tiltaka vil redda liv, seier Øystein Furnes, kommuneoverlege i Sunnfjord kommune.

Saman med sine kollegaer i dei andre kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, innfører han no krav om karantene for alle som har vore i store deler av Sør-Norge frå og med 12. mars. Regelen gjeld fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, Trøndelag og det geografiske området som tilsvarer tidlegare Hordaland

Sårbar region

- Me er ein sårbar region, prega av små kommunar og lange avstandar. Vidare er me heilt avhengige av å beskytta sjukehusa våre i størst mogleg grad. Per i dag har me god kontroll på smittesituasjonen i regionen. Denne mistar me raskt om me ikkje får betre kontroll på det innanlandske smittepresset, seier kommuneoverlege Jan Helge Dale i Kinn kommune.

Kommuneoverlegane ser dette vedtaket som ei naturlig følgje av Folkehelseinstituttet (FHI) sine tilrådingar, og Helsedirektoratet sitt nasjonale vedtak. Innstramminga gjeld per no dei nemnde fylka.

- Me gjer dei same unntak og tilpassingar som Helsedirektoratet har gjort i sitt nasjonale vedtak, der det er mogleg for unntak for heilt kritisk nøkkelpersonell som er symptomfrie. Me reknar heller ikkje transitt på flyplasser som eit opphald i dei aktuelle områda, sier Thomas Vingen Vedeld, kommuneoverlege i Stad kommune.

Som frå utlandet

Kva betyr dette vedtaket i praksis for folk?

- Det betyr at alle som var i desse fylka 12. mars eller seinare, må vera i heimekarantene i 14 dagar, på same måte som alle som har vore i utlandet, sier Leiv Erik Husabø, kommuneoverlege i Sogndal kommune.

- For øvrig gjeld alle reglane som elles gjeld nasjonalt, for eksempel om du er helsepersonell eller får meir enn heilt milde luftvegssymptom.

Stor forståing

Kommuneoverlegane har inntrykk av at det er stor forståing i befolkinga for tiltaka, og strekar under at folk må førebu seg på at situasjonen kan vare lenge.

- Det å halde avstand til kvarandre har vore det soleklart mest effektive tiltaket mot pandemien i alle land som har klart å halda den i sjakk, avsluttar Øystein Furnes.

Sogndal kommune har sendt ut SMS-varsling til innbyggjarane i kommunen. Me ber om at dei deler informasjonen med dei det kan vera aktuelt for og oppmodar dei om å retta seg etter det nye karantenekravet, som er innført fordi alle no må hjelpa til for å unngå vidare smitte.

Vedtaket frå Sogndal kommune finn du her

Dei som er i heimekarantene vil ikkje lenger bli testa og skal heller ikkje kontakte helsevesenet med mindre dei har behov for helsehjelp. Meir informasjon finn du på nettsida til Sogndal legesenter

På nettsidene til Folkehelseinstituttet finn du informasjon om heimekarantene og isolasjon på engelsk, arabisk, dari, farsi, fransk, italiensk, kurmanji, litauisk, pashto, polsk, punjabi, russisk, somali, samisk (nord- og sørsamisk), sorani, spansk, tegalog, thai, tigrinja, tyrkisk, tysk, urdu og vietnamesisk.