Vedtak:

For å stoppe spreiing av Covid-19 og bidra til å halde i hevd naudsynte helse- og omsorgstenester gjer kommuneoverlegen i Sogndal kommune søndag 15.03.20 følgjande vedtak, etter smittevernlova § 4-1 femte ledd:

1) alle som kjem til Sogndal kommune etter reiser i områda som synt i punkt 3, vert pålagd heimekarantene i 14 dagar etter ankomst.

2) For personer som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld dei til einkvar tid gjeldande føringane til styresmaktene for konvertering av karantene til isolasjon.

3) Vedtaket gjeld per 15.03.20 følgjande område: Fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, og dei geografiske områda som tilsvarer tidlegare Sør-Trøndelag og Hordaland.

Transittopphald på flyplass i desse områda, og direkte heimkøyring i eigen bil frå flyplass vert ikkje rekna som som opphold i området.

Vedtaket vert gitt tilbakeverkande kraft frå og med 12.mars.

Reisande som ikkje har symptom kan reise til planlagd oppholdsstad, men skal under reisa så langt det let seg gjere halde avstand til andre.

Reisande med symptom skal umiddelbart i isolering, og kan ikkje nytte offentleg transport.

Leiing av verksemder som er lista etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjoner (sjå lenke) vert gitt adgang til å gjere unntak for eige symptomfritt nøkkelpersonell når dette er strengt naudsynt for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjoner. Vedtaket har verknad frå 15.03.2020 og gjeld inntil nytt vedtak er fatta.

 

Grunngjeving:

Covid-19 er erklært som eit alvorleg utbrot av allmennfarleg smittsam sjukdom som kan få alvorlege helsekonsekvenser for mange mennesker. Sjukdomen er og erklært som ein pandemi og ei alvorlig hending av betydning for internasjonal folkehelse av WHO.

Helsedirektoratet vedtok 12.03.20 omfattande tiltak for å hindre spreiing av Covid-19 og for å bidra til å halde i hevd naudsynte helse- og omsorgstenester.

Her vert det mellom annan sagt:

“Helsedirektoratet ønsker at innenlands transport skal gå mest mulig som normalt, men vi oppfordrer sterkt alle til å unngå fritidsreiser.

Vi oppfordrer til å unngå reiser som ikke er strengt nødvendig (både innenlands og utenlands), unngå offentlig transport hvis du kan, unngå andre steder hvor du lett kommer nær andre, unngå nærkontakt med andre.”

Covid-19 epidemien har i dag ulik omfang i Norge. Folkehelseinstituttet har uttalt at epidemien no har gått over i ein ny fase der ein ikkje har klart å identifisere smittekjeda for alle som vert sjuke. Dette inneber at ikkje alle nye smittetilfelle lenger let seg spore til utlandet.

I Sogndal kommune og nedslagsfeltet til Helse Førde er smittepresset truleg framleis lågt. Vi har i kommunen 2 kjende smittetilfelle der ein har kontroll på aktuelle nærkontaktar. Tilsvarande er det i regionen som tilsvarer tidlegare Sogn og Fjordane totalt 10 kjende smittetilfelle som alle er gjort greie for. Dette gjer vår region til eit av områda i Norge med lågaste smittepress. Med dei nye retningslinjene som no er innført, risikerer vi raskt å miste denne kontrollen om vi ikkje få regulert smittepresset frå utanfor regionen. Kommuneoverlegen ser det som avgjerende å redusere denne risikoen ved dette vedtaket. Kommunen generelt og helse og omsorgstjenesten spesielt har begrensa kapasitet. Vidare er det maktpåliggande å beskytte sentralsjukehuset i Førde og Lærdal sjukehus på best mogeleg måte.

Kommuneoverlegen ser dette vedtaket som ei naturleg følgje av Folkehelseinstituttet sine tilrådingar, og Helsedirektoratet sitt nasjonale vedtak.

I den noverande situasjonen er det naudsynt å førebyggje og motverke spreiing av covid-19, og det er avgjerande å få sett i verk tiltak raskt. Tiltaket vert vurdert som naudsynt både for å beskytte sårbare grupper og for å halde i hevd naudsynt kapasitet i helsetenesta.

Forbodet gjeld for Sogndal kommune med mindre anna særskilt vert bestemt.

Kommuneoverlegen vurderer at smitteverntiltaket har ein medisinskfaglig grunngjeving, er naudsynt av hensyn til smittevernet og for å halde i hevd tilstrekkelig smittvernkapasitet i kommunen og i helse- og omsorgstenesta. Tiltaket vert difor vurdert som forholdsmessig og teneleg utfra ei heilskapsvurdering.

Etter kommuneoverlegen si vurdering vil den samfunnsmessige nytten ved smitteverntiltaket overstige belastninga og ulempen for dei tiltaket gjeld. Frivillig medverknad er vektlagt i vurderinga.

Leiv Erik Husabø

Kommuneoverlege

Sogndal kommune

Les òg: Felles karantenekrav i kommunane i gamle Sogn og Fjordane

Her finn du meir informasjon knytt til koronavirus frå Sogndal kommune