Sogndal kommune må vera klar med felles eigedomsskattemodell frå og med 2021. Dei gamle kommunane hadde ulike modellar for eigedomsskatt, og skal Sogndal kommune koma i land med dette arbeidet, må politikarane gjera fleire vedtak om eigedomsskatten alt no.

Unngå inntektstap

- For å kunne skriva ut eigedomsskatt for 2021, må me ha klar felles eigedomsskattemodell innan 1. juli 2021. Grunnen til at saka må opp alt no, er at me ikkje skal risikera å mista eigedomsskatteinntekter for eit heilt år, seier rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu.

For å koma fram til ein lik eigedomsskattemodell, må den nye kommunen mellom anna ha på plass ei ny taksering, slik at takseringstidspunktet er likt for heile kommunen. Ei slik taksering er omfattande og vil kunne ta 12-15 månader å få gjennomført.

Få tak i rett kompetanse

Det er svært få taksatorfirma som kan gjera denne jobben.

- Det kjem truleg til å vera utfordrande å få tak i taksatorfirma. Fram til juli 2021 vil det vera mange som skal ha gjennomført ei slik hovudtaksering. Truleg vil nesten alle dei 43 nye kommunane som følgjer av kommunesamanslåinga vera på kjøparsida, i tillegg skal både Trondheim, Stavanger og fleire andre kommunar gjennomføra hovudtaksering i 2020/2021. Difor er det viktig at kommunestyret får gjort vedtak no om kva eigedomsskattemodell som skal gjelda frå 2021, og at me får lagt ut anbodskonkurransen så snart vedtaket er gjort, seier Lillesvangstu.

Gå ut over tenestetilbodet

Viss dette ikkje skjer raskt nok, vil Sogndal kommune koma til å tapa eigedomsskatteinntektene for 2021. Inntekter frå eigedomsskatt er estimert til ca. 62 millionar per år framover.

- Eitt år utan desse inntektene vil setja Sogndal kommune i ein svært krevjande økonomisk situasjon. Dette er inntekter som er med og finansierer primærtenestene i kommunen, seier Lillesvangstu.

Saka skal opp i formannskapet 30. januar. Saksutgreiinga kan du sjå her