I veke 44 vert Eigenberedskapsveka 2025 arrangert. Målet er å auka folk si medvit og kunnskap om eigenberedskap slik at fleire gjer førebuingar. Det vil gjera både deg og lokalsamfunnet betre rusta til å handtera kriser og hendingar som måtte oppstå. Til dømes langvarige straumbrot, som fleire nyleg opplevde under ekstremvêret Amy.

Alle treng likevel ikkje gjera alt aleine. Det kan vera lurt å samarbeida med vener, familie eller naboar om eigenberedskap.

Dette kan beredskapsvener hjelpa kvarandre med:

• førstehjelp ved skadar
• omsorg og støtte
• opphald og overnatting ved evakuering frå eigen bustad
• omsetjing og forklaring av informasjon frå styresmaktene
• praktisk hjelp til bruk av utstyr og reiskap
• innkjøp, bering og transport
• bytte eller byttelån av utstyr og varer
• lån av mobiltelefon som er kopla til eit anna nett enn ditt
• felles matlaging

Fakta om Eigenberedskapsveka 2025

• Ei årleg kampanjeveke med informasjon og aktivitetar om eigenberedskap.
• Målet er å auka kunnskapen og medvitet i befolkninga, slik at fleire gjer konkrete førebuingar for å klara seg sjølve i éi veke.
• Veka er sett i gang av DSB, men kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet er med.
• Årets tema er felles eigenberedskap – beredskapsvenn.
• På dsb.no/egenberedskap finn du mange gode tips om korleis du kan styrka eigenberedskapen din.

Meir om eigenberedskap på nettsida til Sogndal kommune