Brosjyren «Slik bidreg du til Noregs beredskap» er tilgjengeleg på 32 ulike språk.
Me lever i ei stadig meir uroleg verd – mellom anna som følgje av klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må me vera førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar kan råka oss.
Er du førebudd?
Korleis vil du og dine næraste klara dykk dersom straumen vert borte over lengre tid? Kva gjer du om vatnet forsvinn? Kva om du ikkje får handla på ei veke?
Straumbrot kan føra til at vatnet i springen, kloakksystemet, medisinsk utstyr, lading av elbil, betalingsløysingar, internett, mobiltelefon, radio, kjøleskap og moglegheita for matlaging ikkje fungerer som normalt.
Eigenberedskap handlar om å vera førebudd på slike situasjonar.
Styrk eigenberedskapen din!
God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dei næraste. I tillegg bidreg du til at styresmaktene kan prioritera dei som treng mest hjelp.
Ved å vera førebudd i ei veke vert du betre i stand til å handtera alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser. I tillegg får du betre tid til å planleggja vegen vidare om krisa skulle bli langvarig.
Hugs at nokre førebuingar er mykje betre enn ingenting!
Eigenberedskap for ei veke
I sjekklista for eigenberedskap finn du døme på ting som er lurt å ha heime. Du bør gå gjennom dine behov og vurdera kva løysingar som er mogleg der du bur. Hugs at familie, vener og naboar kan samarbeida om eigenberedskap. Sjekk lageret ditt med jamne mellomrom.
Sjekkliste for eigenberedskap
- Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker.
- Mat som toler lagring i romtemperatur.
- Grill, kokeapparat eller stormkjøken.
- Varme klede, pledd, dyner og soveposar.
- Fyrstikker og stearinlys.
- Ved, viss du har vedomn eller peis.
- Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring.
- Avtale om overnatting viss du ikkje har alternativ oppvarming.
- Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller.
- DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller.
- Legemiddel og førstehjelpsutstyr.
- Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).
- Hygieneartiklar som våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt.
- Batteri og fullada batteribank.
- Litt kontantar og fleire betalingskort.
- Mat og vatn til kjæledyr.
- Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar.
Les meir om eigenberedskap på dsb.no/sikkerhverdag/egenberedskap/
