Kommunen kartlegg kapasitet for innkvartering og legg til rette for dei tenestene og tilboda som mottak av flyktningar krev.

Flyktningar som kjem til kommunen på eiga hand

Dersom det er flyktningar frå Ukraina som er komne til kommunen på eiga hand, ber me dei ta kontakt med flyktningtenesta i kommunen på e-post: siri.irmelin.madsen@nav.no eller telefon: 90 52 30 98.

Informasjon til deg som ønsker å hjelpa flyktningar i Ukraina: Ønsker å hjelpe flyktninger - UDI

Informasjon til ukrainske borgarar som har kome til Noreg: Være i Norge - UDI

Regjeringa gjev mellombels kollektiv beskyttelse til ukrainske statsborgarar: Kollektiv beskyttelse for ukrainere i Norge - UDI

Personar som har funne bustad sjølv, til dømes gjennom familie og venner, kan søka om å bli busette i kommunen etter at asylsøknaden er behandla: Flyktninger fra Ukraina | IMDi

På nettsida helsenoreg.no finn du no informasjon på ukrainsk og russisk om rettane for dei som er på besøk i Noreg utan å søka asyl: Helserettigheter for deg som er på besøk i Norge uten å søke asyl - helsenorge.no

Mattilsynet må registrera og kontrollera alle dyr som kjem til Noreg med ukrainske flyktningar. Dette gjer dei for å minimera risikoen for spreiing av dødlege sjukdomar, som rabies, til menneske og dyr her til lands. Informasjon om kjæledyr frå Ukraina finn du på nettsida til Mattilsynet (norsk, engelsk og ukrainsk): Kjæledyr fra Ukraina / Pets from Ukraine | Mattilsynet

Søka om å bli busett

Flyktningar som bur privat, må be om å bli busette i kommunen for å få alle dei rettane dei skal ha som flyktningar.

Det er to måtar å gjera det på:

Avtalt sjølvbusetting:
Har du alt skaffa deg bustad i kommunen og ynskjer å bli buande her, kan du ta kontakt med flyktningtenesta. Viss leigekontrakten og andre omstende er greie, melder kommunen frå til Imdi som gjer vedtak om busetting. Meir informasjon finn du på nettsida til Imdi: Bosetting av flyktninger som finner bolig på egen hånd | IMDi

Søknad om busetting med offentleg hjelp:
Dersom du treng hjelp frå kommunen til å skaffa deg bustad, kan du søka om busetting med offentleg hjelp. Du søker på skjema på nettsida til Imdi, og Imdi gjer vedtak om busetting. Dersom du ønsker å bli busett i ein spesiell kommune fordi du har slektingar eller annan tilknyting til kommunen, kan du fylla det inn i skjemaet. Meir informasjon finn du på nettsida til Imdi: Søknad om bosetting med offentlig hjelp for privatboende | IMDi

Gå til søknadsskjemaet

Flyktninger som klarer seg sjølve økonomisk og har ein stad å bu, står i utgangspunktet fritt til å busetta seg på eget initiativ, men dei vil ikkje få dei same rettane som dei som vert busette i kommunen etter avtale.

Førebels dekt behov for private bustadar

Sogndal kommune førebur seg på å busetja flyktningar i kommunale bustadar, men me riggar oss også for at me kan få behov for å busetja nokre av dei i private bustadar.

Bustadkontoret har fått svært god respons frå folk som kan tilby private bustad til flyktningar, noko me set stor pris på. Me har ikkje behov for at fleire melder inn bustadar til dette føremålet no, og registreringsskjemaet er difor stengt.

Det er framleis ikkje klart når flyktningane kjem til Sogndal kommune og kor mange som kjem, og kommunen har i første omgang teikna leigekontrakt på eit avgrensa tal heile bustadar. Behovet for bustadar kan bli langvarig, og dei som har meldt seg, kan bli kontakta av bustadkontoret på eit tidspunkt lengre fram i tid. Registreringa som er gjort av aktuelle private bustadar er uforpliktande for kommunen og for utleigar. Me oppmodar utleigarar om å leiga ut bustadane til andre, dersom dei ikkje har skrive ein avtale med kommunen.

Har du spørsmål du ikkje fekk svar på her, kan du ta kontakt med bustadkontoret på e-post: bustadkontoret@sogndal.kommune.no eller med tenesteleiar Dag Olav Osen på telefon 99 46 44 12.

Snakkar du ukrainsk eller russisk?

Sogndal kommune vil kunne få behov for folk som snakkar ukrainsk eller russisk og som kan bidra når me skal ta imot og busetta flyktningar frå Ukraina.

Snakkar du ukrainsk eller russisk og kan tenka deg å vera språkhjelpar, ber med deg fylla ut skjemaet under.

Me veit ikkje når me vil trenga hjelp eller kor mange me treng hjelp frå. Registreringa er ikkje bindande for deg eller for kommunen. Me tek kontakt med deg om/når det er aktuelt.  

Registrer deg her

Vil du bidra med frivillig innsats?

Dersom du ønsker å bidra med frivillig innsats i samband med at det kjem flyktningar frå Ukraina til Sogndal kommunen, kan du ta kontakt med frivilligsentralen.

Send ein e-post til frivilligsentralen@sogndal.kommune.no der du skriv litt om deg sjølv (namn, telefonnummer og i kva del av kommunen du bur) og kva du tenkjer du kan bidra med. Så vil kommunen ta kontakt ved behov.