Her kan du førehandsrøysta:
 

  • Balestrand: Innbyggartorget i Holmatunet
    Måndag – fredag kl. 10.00 – 14.00
    Utvida opningstid 7. september fram til kl 18.00
  • Leikanger: Tinghuset
    Måndag – fredag kl. 10.00 – 14.00
    Utvida opningstid 7. september fram til kl 18.00
  • Sogndal: Innbyggartorget i kommunehuset
    Måndag – fredag kl. 10.00 – 14.00
    Utvida opningstid 31. august, 6. og 7. september fram til kl 18.00

I tillegg vil det særskilde dagar bli høve til å førehandsrøysta på helse- og omsorgsinstitusjonar og på studiestader.

Veljarar som av helsemessige eller andre årsaker ikkje kan komma seg til vallokalet, kan be om å få førehandsrøysta heime
Informasjon om korleis du får røysta heime

Dette må du ha med til røystelokalet:

  • Legitimasjon med namn, fødselsdato og bilete
  • Det er ikkje eit krav å ha med valkort, men det går raskare om du har både valkort og legitimasjon klare når du kjem for å røysta. Dei aller fleste har fått valkortet digitalt.

Slik røystar du:

På valg.no finn du informasjon om korleis du røystar og kva endringar du kan gjera på røystesetlane: Kommunestyre- og fylkestingsvalget 2023 - Valgdirektoratet

Du kan røysta ved både kommunestyre- og fylkestingsvalet. Dersom du vil røysta ved begge vala, må du gjera det samstundes.

Du kan førehandsrøysta i den kommunen du sjølv ynskjer. På valdagen, 11. september, kan du berre røysta i den kommunen der du er manntalsført (det vil sei i den kommunen du var registrert i folkeregisteret 30. juni i år): Røysta på valdagen 11. september