Kvelden blei opna av ordføraren, som retta ei varm takk til alle som bidreg i lokalsamfunnet vårt. Vidare gjennom kvelden bidrog Barnas Turlag, Sogn Friluftsråd, Kunstlaget Balestrand/Sogndal, KIL og Rocketman med innlegg som synte breidda i det frivillige arbeidet i regionen. Fritidskoordinator i kommunen presenterte også arbeidet med fritidserklæringa, og løfta fram kor viktig det er at alle har noko meiningsfullt å bli med på der dei kan finna fellesskap og meistring.

Etter pausen, med påfyll av mat og kaffi, fekk publikum høyre song frå Leikanger damekor før kvelden vart avrunda med eit inspirerande føredrag av Henning Aarekol. Arrangementet hadde som mål å samle frivillige lag, organisasjonar, samarbeidspartnarar og innbyggjarar, og responsen viste tydeleg at engasjementet i kommunen er stort.

Kommunen rettar ei stor takk til alle som bidrog, og ser fram til å byggje vidare på det sterke frivilligarbeidet og samarbeidet i tida som kjem.