Har du lyst på jobb i Sogndalsskulen?
I Sogndal kommune har vi skular som byggjer fellesskap, framtidstru og gode kvardagar for barn og unge. Det viktigaste vi gjer, skjer ikkje i dokument eller system, det skjer i møtet mellom elev og tilsett. Når ein vaksen ser, forstår, støttar og utfordrar, får elevane mot til å lære, utvikle seg og trivast. Dei vaksne er Sogndalsskulen sin viktigaste ressurs.
Sogndalsskulen består av 8 grunnskular med om lag 1500 elevar og om lag 200 tilsette.
Skulane i Sogndal er ulike. Dei varierer i storleik, organisering og fagleg profil, og dei kan gje ulik inngang til lærarkvardagen. Felles for alle er at vi har fagmiljø i utvikling og tett oppfølging av nytilsette og eit utviklande profesjonsfellesskap.
Vi er tydeleg på kva vi prioriterar og kvifor. I perioden framover arbeidar vi med å redusere skulefråværet og auke elevane sin lesekompetanse.
Inkludering er det aller viktigaste vi jobbar med. Ein av elevane våre sa det så fint: «På skulen vår skal ingen gå aleine.» Det er eit utsagn som treff kjernen i kva vi ønskjer å skape – eit fellesskap der alle høyrer til.
For skuleåret 2026 og vidare har me no fleire ledige stillingar i grunnskulen, både for lærarar og for miljørettleiarar og fagarbeidarar. Samla viser dei godt breidda i moglegheiter innan ein og same kommune.
Undervisning, utvikling og profesjonsfellesskap
Alle skulane har eigne prioriterte områder. Nokre er tett kopla til lærarutdanning og kompetanseutvikling, andre jobbar særleg med leseutvikling, klasseleiing, tverrfagleg samarbeid eller elevaktiv undervisning.
Felles er at du som lærar ikkje jobbar åleine, men i profesjonsfellesskap der planlegging, vurdering og utvikling skjer saman.
Her finst både faste stillingar og vikariat, på ulike trinn i grunnskulen.
Roller tett på elevane
Skulekvardagen handlar ikkje berre om opplæringa elevane får i klasserommet. I fleire av skulane er miljørettleiarar og fagarbeidarar ein integrert del av laget rundt elevane. Dei jobbar både i skule og SFO, i klasse, i tilrettelagde tilbod og i tett samarbeid med lærarar og leiing.
Desse rollene er avgjerande for struktur, relasjonar og oppfølging av barn med ulike behov, og gir ein annan, men like viktig, inngang til arbeidet i skulen.
Frå små skular til store fagmiljø
I Sogndal kan du velje kva kvardag du vil ha. Nokre skular er små og oversiktlege, der du vil kjenne alle elevar og vaksne. Andre er større, med mange kollegaer, og store utviklingsprosjekt på gang, mellom anna knytt til bygging av ny skule.
Det betyr at du kan finne ein skule og ei rolle som passar for akkurat deg og di erfaring, interesse og arbeidsform.
Klikk deg inn på dei ulike stillingane og finn ut kvar du helst vil jobbe (og ja, det er lov å søkje fleire enn ein):
Fast lærarstilling ved Norane skule frå 01.08.2026
Miljørettleiar- og fagarbeidarstillingar ved Trudvang skule
Lærarstillingar ved Kvåle skule frå hausten 2026
Lærarstillingar ved Trudvang skule
Miljørettleiarstillingar ved Leikanger barneskule
Lærarvikariat ved Leikanger barneskule
