I barnehagane i Sogndal kommune handlar jobben om noko ganske konkret: Å vere ein vaksen som betyr noko i kvardagen til barna.

Det handlar om å vere tett på. Sjå, lytte, støtte og utfordre. Når me får det til, skjer det mykje – både for barna og for oss som jobbar her.

Du kan velje den kvardagen som passar deg
I Sogndal kommune har me 11 barnehagar, spreidde rundt i heile kommunen. Dei er ulike i storleik, organisering og korleis kvardagen er lagt opp.

Nokre er små og oversiktlege. Der kjenner du alle, og alle kjenner deg. Andre er større, med fleire fagmiljø og fleire kollegaer å spele på.

Det betyr at du ikkje berre søkjer “ein jobb i barnehage”. Du kan faktisk velje kva type kvardag du vil ha. Nokre av barnehagane har fokus på friluftsliv, andre på matglede. Eller vil du kanskje jobbe i ein undervisningsbarnehage?

Slik jobbar me i barnehagane våre
Det viktigaste me gjer, er å skape ein trygg og god kvardag for barna. Det ligg i botn i alt.
Samtidig jobbar me konkret med:

  • Vaksenrolla i leik og kvardag
  • Språkutvikling
  • Inkludering og mangfald
  • Samarbeid på tvers av fag

Du står ikkje åleine i dette. Hos oss jobbar du i eit profesjonsfellesskap der me planlegg, vurderer og utviklar oss saman.

Du blir ein del av eit fagmiljø i utvikling
Barnehagane i Sogndal er i utvikling. Me jobbar med å styrke kvaliteten i kvardagen og bli endå tydelegare på rolla vår.

Som ny hos oss får du oppfølging, og du blir ein del av eit miljø der det er rom for å lære, prøve og utvikle seg vidare.

Kvar vil du jobbe?
No har me ledige stillingar for barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar.

Ta ein kikk på barnehagane og stillingane under. Sjå kva som treff deg og kva type kvardag du ser føre deg. Og ja, du kan gjerne søkje fleire stillingar.

Ledige stillingar i barnehage i Sogndal:
Vikariat som barnehagelærar i Kjørnes barnehage
Barne- og ungdomsarbeider/assistent i Nybø barnehage
Pedagogisk leiar + barnehagelærar i Nybø barnehage
Assisterande styrar i Nybø barnehage
Barnehagelærar i Fosshagen utdanningsbarnehage
Vikariater som fagarbeidar/assistent i Sagatun barnehage
Vikariat som fagarbeidar/assistent, Ylvisåker barnehage
Fagarbeidar/assistent i Furuli barnehage – bli med på leikelaget!
Barnehagelærar i Furuli barnehage - bli med på leikelaget!
Barnehagelærar: 100% fast stilling i Sagatun barnehage
Henjahaugane barnehage: 60 % vikariat som fagarbeidar eller assistent
Vil du jobbe tett på barna i Fjærland barnehage?
100 % vikariat som fagarbeidar/assistent i Notsete barnehage