![]() |
Rune Haug,leiar i utval for levekår, stod for snorklippinga. (Foto: Benedicte Hole) |
Mange tok turen for å feire opninga, og stemninga var god med både kake, kaffi og ei frisk "Sterk og stødig"-økt frå fysioterapeuten vår Kari Bergheim Hole.
Aina Esp Aleksandersen og Ane Sigrid Midtbø England er sjukepleiarane som skal jobbe på helsetorget på fulltid, i tillegg til ergoterapeut Johanne G. Mo som for tida er i permisjon. Dei står klare til å møte deg som ønskjer støtte til helse og meistring - på dine eigne premiss.
På helsetorget får du:
• rettleiing om aktivitetar og tenester i kommunen
• samtalar og heimebesøk ved behov
• hjelp til å finne rett tilbod – til rett tid
• opplæring i velferdsteknologi og digitale løysingar
• vidareformidling til frivillige og fagpersonar
![]() |
Sjukepleiarane Ane Sigrid Midtbø England og Aina Esp Aleksandersen skal jobbe på helsetorget. (Foto: Benedicte Hole) |
Mange veit ikkje kvar dei skal starte - helsetorget hjelper deg å finne vegen vidare. Tilbodet skal etter kvart utvidast til Leikanger og Balestrand. Det er opent for alle - også pårørande og tilsette.
Sjekk ut tenesteguiden vår. Denne er fortløpande under arbeid, kom gjerne med innspel til kva tilbod vi kan legge til!