Måndag kom svaret på nokre av prøvane som var sende til Haukeland universitetssjukehus. Prøvane viser at koronasmitten i Balestrand siste veka ikkje skuldast ein av dei meir smittsame variantane av viruset.

Bergen og kommunane rundt opplever utbrot av den engelske varianten og den sørafrikanske varianten av viruset. Det er frå 7. februar til 14. februar innført forsterka tiltak i denne regionen, for å hindra spreiing av smitte.

9 personar har testa positivt på korona i Balestrand sidan midten av sist veke.