See this text in English

Søndag har me fått svar på seks koronatestar, og alle var negative. Men framleis har me nokre usikre dagar framfor oss, særleg i høve dei som sit i karantene.

- I tillegg har det vore ein del smitteutbrot i kommunar ikkje langt frå oss, og i dag er det innført kraftige tiltak i Bergen og kommunane rundt for å hindra spreiing av dei meir smittsame variantane av viruset. Det gjer at me no oppmodar folk om å vera ekstra varsame ved reise inn og ut av kommunen, seier ordførar Arnstein Menes.

Han ber folk som eventuelt kjem frå område med høgt smittepress, om å vurdera sjølvpålagd karantene.

- Det er framleis låg terskel for å testa seg i heile kommunen, understrekar ordføraren.

Ni personar i Balestrand har siste veka testa positivt på korona. Alle desse er vaksne personar, og det er ikkje påvist smitte i kommunale institusjonar.

Skular og barnehagar i kommunen vil vera opne måndag, og framleis vera på gult nivå.