Torsdag kom beskjeden om at Helsedirektoratet har vedteke ei rekke nye tiltak for å hindra spreiing av koronavirus. Mellom tiltaka er stenging av alle skular og barnehagar frå fredag 13. mars. I første omgang vil barnehagane og skulane halda stengt til 26. mars. Dette kan bli forlenga. 

Information in English 

Kritiske samfunnsfunksjonar

Frå Helsedirektoratet vert det undrestreka at det er viktig å oppretthalda verksemda i helse- og omsorgstenester og andre kritiske samfunnsfunksjonar. I tillegg må me unngå at personar i risikogrupper vert brukte til barnevakt.

Leiarane av barnehagar og rektorar ved barneskular vil sørga for eit tilbod til born av personell i helse- og omsorgsteneste, transportsektoren og innan andre kritiske samfunnsfunksjonar. Det samme gjeld for born med særlege omsorgsbehov som ikkje kan ivaretakast når barnehage, skule eller andre dagtilbod er stengde.

- Rektorane og styrarane gjer no ei kartlegging av kven kommunen skal gje eit tilbod i barnehage og skule fordi dei føresette jobbar i samfunnskritiske funksjonar. Lærarane planlegg for å kunne ivareta opplæringsansvaret dei har for elevane medan skulane er stengde, seier Ole Gunnar Krakhellen, kommunalsjef oppvekst, torsdag ettermiddag.

Det vil bli sendt ut informasjon til foreldra og lagt ut oppdatert informasjon på nettsidene til skulane.

Nasjonal dugnad

Statsminister Erna Solberg sa på ein pressekonferanse torsdag ettermiddag ­at det er avgjerande at alle landets innbyggarar deltek i ein dugnad for å stogga smitten.

Leiv Erik Husabø, smittevernlege i Sogndal kommune, meiner det er heilt rett å innføra desse tiltaka akkurat no.

- Me er no i den situasjonen at det ikkje er nok å isolera dei smitta. Det er smitte i samfunnet, folk vil smitta kvarandre og me kan få ein stor sjukdomstopp som vil gå utover samfunn og helsevesen. No er det viktig å bremsa epidemien. Dette er ein dugnad alle må bidra til, seier Husabø.

Han understrekar at dei alle fleste som blir smitta av koronavirus, vil få ein mild sjukdom.

 - Dei skal vera heime og kanskje ringa legekontoret, men dei aller fleste blir friske av seg sjølve og treng ikkje koma på legekontoret. Dette liknar på ein influensaepidemi, og dei fleste skal ikkje testast. Me må avvisa mange for å kunne ta oss av dei som treng det, seier Husabø.

Reinhald og hygiene

Han understrekar at dei viktigaste tiltaka no er hygiene og reinhald, og oppmodar alle om å vera ekstra nøye med handhygiene.

- Kommunen har tilpassa reinhaldet av kommunale bygg til situasjonen me no er i, med auka frekvens på reinhald og ekstra søkjelys på å vaska kontaktflater og stader der mange er samla, seier han.

Kontakt kommunen via telefon

Slik situasjonen er no, oppmodar kommunen dei som treng kommunale tenester om å søkja informasjon på nettsida til kommunen eller ringa innbyggartorget (tlf. 57 65 25 00), framfor å møta opp fysisk.

- Dette er eit godt smitteverntiltak som me alt har praktisert på legekontora, seier Husabø.

Heimekontor

Dei nasjonale råda er at dei som kan, har heimekontor. Denne tilrådinga gjeld også for dei tilsette i Sogndal kommune.

- Me oppmodar medarbeidarar om å jobba heimanfrå, om dette ikkje er til hinder for å utføra jobben på ein tilfredstillande måte, seier rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu.

Politiske møte

Kommune har førebels ikkje teke stilling til om politiske møte skal avlysast. Formannskapet skal ha møte neste veke.

- Me vil ikkje avlysa møtet no, men sjå an situasjonen neste veke. Me vil også sjå på alternativ møteform, seier ordførar Arnstein Menes torsdag.

Oppdatering 13.03.20: Sogndal kommune stoggar all politisk møteverksemd ut månaden. Det vil bli gjort ei ny vurdering når me ser korleis situasjonen utviklar seg.

Vedtaket frå Helsedirektoratet kan du sjå her

Meir informasjon

Det er påvist koronasmitte i Sogndal kommune. Kommune følgjer råda frå nasjonale helsemyndigheiter. Du finn oppdatert informasjon og fakta på desse nettsidene:

Folkehelseinsituttet

Helsedirektoratet

Her finn du svar på dei mest vanlege spørsmåla om koronavirus

Har du born som har spørsmål om koronaviruset? Helsedirektoratet har laga ein informasjonsfilm som de kan sjå her

Slik kan du unngå å bli smitta

  • Det er viktig at du held minst ein meter avstand til personar med luftvegsinfeksjon og hoste.
  • Det er viktig med god handhygiene ved at du vaskar hendene ofte og grundig.
  • Det er viktig at du ved hoste nyttar papirserviett som vert kasta etterpå, eller at du hostar i olbogekroken.

Information about coronavirus disease in English