Sogndal kommune fekk tysdag beskjed om at ein person frå kommunen er smitta.

- Ein vaksen person frå Sogndal kommune er smitta. Vedkomande har vore i Austerrike, og vart testa før vedkomande kom heim til Sogndal, opplyser smittevernlege Leiv Erik Husabø.

Denne personen har vore isolert sidan vedkomande kom heim.

Seinare same dag kom meldinga om at ein annan innbyggjar i kommunen, også dette ein vaksen person som har vore på reise i Austerrike, er smitta. Også denne personen er sett i isolat.

Tiltaka kommunen har sett i verk, er i tråd med råda frå Folkehelseinstituttet.

- Det viktige no er å isolera personar som er smitta, slik at dei ikkje smittar andre, seier Husabø.

Informasjon om koronaviruset finn du her og på nettsida til Folkehelseinstituttet. Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på der, kan du ringa den nasjonale informasjonstelefonen: 815 55 015.