Personar som er prioriterte til å få vaksina, vil bli kontakta for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje naudsynt å kontakta kommunen eller fastlege for å setta seg på venteliste.
Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.
Det nye koronaviruset gir infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokre blir alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdommar frå før, har størst risiko for å få alvorleg sjukdom.
I starten vil det ikkje vera nok vaksine til alle som vert anbefalt koronavaksine. Basert på råd fra Folkehelseinstituttet har regjeringa gitt føljande prioritering, med dei øvrst prioriterte først:
- Bebuarar på sjukeheim
- Eldre over 85 år
- Eldre over 75 år og deretter dei over 65 år
- Personar 18–64 år med ein eller flere nærare spesifiserte sjukdommar som dei har fra før
Inntil 20 prosent av vaksinane vert frå veke 2 gjeve til helsepersonell etter ei nasjonal prioriteringsliste. Ein starta med legevakt og dei tilsette på legekontora.
Mer informasjon om koronavaksine finn du på nettsida til Folkehelseinstituttet: www.fhi.no/kvp
Kort informasjon om koronavaksine frå Folkehelseinstituttet (pdf).
Informasjon på fleire spåk finn du på nettsidene til Folkehelseinsituttet.