Over heile Noreg har ei rekkje arrangement innan idrett, kultur og det frivillige blitt avlyste, utsette eller stengde. Krisepakka, ei stor kompensasjonsordning på ein milliard kroner, er meint å avhjelpa situasjonen.

Det vert opna for søknader 14. april, men alt no ligg det mykje god informasjon, veiledning og spørsmål og svar på nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kulturrådet, som forvaltar dei to ordningane.  

Lotteri- og stiftelsestilsynet har den delen som rettar seg mot idrett og det frivillige (inkludert kulturfrivilligheit). Kulturrådet har den delen som retter seg mot arrangørar i kultursektoren.

Les mer om desse ordningane på www.lottstift.no og www.kulturradet.no

Les meir: Informasjon til kultursektoren i Sogndal