Sogndal kommune jobbar vidare ut i frå hovudgrepa i «konsept 2 medium» med følgjande presisering: 

 

Sone B og C (med unnatak av landbruksjorda) vert vedteke i samsvar med tilrådinga frå utval frå plan og samfunn. For sone A ber kommunestyret kommunedirektøren greie ut følgjande forhold før endeleg handsaming av planen: 

  • Alternativ vegframkomst 
  • Leggje fram arealrekneskap for Sogndal sentrum  
  • Vurdere retningsliner for jordvern 
  • Vurdere eventuelle konsekvensar for utbygging av Nestangen 
  • Vidare utvikling av Helse Førde, Indre Sogn psykiatrisenter 

 

Sone B (Grushola og Ulvahaugen): 

  • La haugen, og bekkedraget vere ein bærande blå-grøn struktur i
    området 
  • Legg til rette for ei høg utnytting 
  • Greier ut: 
    • Kor høge bygningane kan vere over terrenget i Grushola utan at haugen tapar seg vesentleg i verdi
    • Kvar går avveginga mellom størst mogleg busetnad opp mot å gje den blå-grøne strukturen rom og ein reell kvalitet
    • Kor høg utnytting/kor tett kan det byggast, samstundes som det framleis er gode bukvalitetar i området
  • I Grushola skal greiast ut vidare for om det skal opnast opp for ein anna bruk enn bustad i etasjane nærmast gateplan. Maks gesims- og mønehøgde skal fastsettast etter å ha sett vidare utgreiingar som t.d. sol- og skuggestudiar
  • Revidere plangrensa til å ikkje inkludere vaskeriet. Detaljreguleringsplan for nye studentbustadar skal inkludere denne tomta

 

Sone C (Trolladalen): 

  • Legge til rette for tett-låg utbygging som gir ei blanda bebuargruppe 

 

Dokument i saka: