Kriseleiinga mars 2020
Deler av kriseleiinga er samla fysisk (med god avstand), resten stiller på Skype.
Generelt skal kommunen vera i stand til å handtere uynskte hendingar og kriser for i størst mogeleg grad å redusere konsekvensane av desse. Det er difor utarbeidd planar som skal nyttast i utfordrande situasjonar. 
 
Beredskapsplan- kriseleiing omhandlar kommunen si handtering av ein krisesituasjon. Viktige kommunale fagområde med plikt for beredskapsplan er
  • Helse- og sosialtenesta
  • Vassforsyninga
  • Brannvern og redning   
  • Hendingar som direkte eller indirekte råkar born i skule og barnehage  
Kommunen sin beredskapsplan skal også samordnast med andre i relevante offentlege og private beredskaps- og kriseplanar.

Kven utgjer kriseleiinga?

Her er eitt oversyn over kven som sit i kriseleiinga per d.d.
Til alle funksjonar er det ein eller fleire vararepresentantar som kan ta over dersom det skulle vera naudsynt.
Funksjon Namn
Faste medlemmar  
Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu
Ordførar Arnstein Menes
Kommunikasjonsrådgjevar Mariann Skau
Kommunalsjef Stab og støtte Reidun S. Hågvar
Kommunalsjef, plan og samfunn Arne Abrahamsen
Kommunalsjef, helse og omsorg Åslaug Brende
Kommunalsjef, oppvekst Ole Gunnar Krakhellen
Kommuneoverlege Leiv Erik Husabø
Beredskapskoordinator/CIM-ansvar Maj Britt Brendstuen
Medlemmer – avhengig av situasjon  
IKT ansvarleg Frode Rønning
Tenesteleiar teknisk drift Kristian L. Karlsen
Leiar av innbyggartorg/servicetorg ​Anja Hamre
Sogn Brann og Redning Vidar Trettenes
Politi - Sogndal  
Røde Kors - Sogndal Ev. anna avdeling avhengig av situasjon/lokalisering  
Sivilforsvar - Sogndal  

Bildetekst: Delar av kriseleiinga er samla fysisk (med god avstand), resten stiller på Skype.

 
Andre deltakarar
Medlemmar som ikkje er faste kan bli kalla inn og tiltre under heile eller delar av kriseleiinga sitt arbeid. Leiar kan ut over dette supplere og forsterke kriseleiing med personar med naudsynt fagkompetanse ut i frå situasjonen. Medlemmer kan bli nytta til andre oppgåver om deira fagrolle vert avgrensa i ein konkret hending. 
Oppgåver 
Kriseleiinga si oppgåve er mellom anna rapportering til fylkesmannen, skaffa oversyn, ta avgjerder om tiltak og planar, prioritera bruk av tilgjengelege ressursar og  syte for informasjon til innbyggjarar og media. 
 
Rådmannen er pliktig å sørge for at alle som har ei rolle i kommunen si kriseleiing, og også andre tilsette med beredskapsoppgåver, er kjent med dette og har fått naudsynt innføring og opplæring. For å bu seg på dette er det øving på Beredskapsplan for kriseleiing ein gong kvart år. Fylkesmannen gjennomfører og øvingar.  
 
Rollar 
Det er rådmann, eller den rådmann peikar ut, som er leiar av kriseleiinga, og som har det overordna informasjonsansvaret. 
Det er ordførar eller den han peikar ut, som skal handtere informasjon til media. Til å førestå sjølve informasjonsarbeidet kan kriseleiinga nytte seg av ein informasjonsansvarleg. 
Ved større hendingar, slik som no, vert det etablert eit eige informasjonskontor / informasjonsstab. Kriseleiinga gjennomfører hyppige stabsmøte (per tid dagleg) m.a. for å oppdatere den informasjonsansvarlege.
 
Status
17.03.20 vart det oppretta ein informasjonsstab. Staben er todelt, ein del av gruppa skal jobba med ekstern informasjon og ein del av gruppa skal jobba med intern informasjon. Heimesida til kommunen vil vera plattform for all informasjon som blir kommunisert.
 
Det er ordførar og fagpersonar som handterer informasjon ut til media.