- Årets pris går til nokon som år etter år skapar magiske opplevingar for dei yngste i kommunen vår. Denne prisen går til nokon som ikkje berre gir kulturglede, men som også vekker kulturinteressa hos dei som ikkje allereie er ein del av våre etablerte tilbod. Fleire hundre har fått oppleve scena, mikrofonen, rampelyset – og ikkje minst kjensla av meistring – takka vere denne prisvinnaren, sa ordførar Stig Ove Ølmheim då han annonserte årets kulturprisvinnar i kommunestyremøtet torsdag.

Som elleveåring reiste Louise Tveito frå Sogn til Oslo for å spele hovudrolla i Shrek – og sidan har ho berre tatt stadig større steg. I dag er ho utdanna musikalartist, har vunne pris for sitt entreprenørskap innan scenekunst, og markert seg som ein allsidig og ettertrakta frilansar.

- Ho er ein framifrå ambassadør for Sogndal, langt utover kommunegrensene våre og fylkesgrensene, sa ordføraren. 

Sidan 2017 har prisvinnaren produsert over 30 framsyningar – med energifylte, fullsette hus og opplevingar barn hugsar for livet. Her heime i Sogn kjenner vi ho kanskje aller mest som drivkrafta bak musikalprosjektet «Showtime».

Årets vinnar mottek 20.000 kroner og kunstverket «La petite Cordée 056» laga av Estelle Bourdet, kunstnar busett i Jostedalen. 

Tidlegare vinnarar av kulturprisen: Kulturpris Sogndal kommune - SOGNDAL KOMMUNE

Møtet i kommunestyret 18. desember kan du sjå i videoruta under: