Prisen kan delast ut til einskildpersonar, lag og organisasjonar eller institusjonar. Prisen skal stimulera til vidare innsats og skal synleggjera innsats som har eller vil gagna Sogndal-samfunnet.

Utval for samfunnsutvikling er jury som skal vurdera innkomne kandidatar til prisen og avgjera tildelinga. Prisen vert lyst ut i dagspressa og sosiale media. Nominasjon av kandidatar må vera grunngjeven.

Framlegg til kandidatar skal vera innkomne til utvalet innan 1. november kvart år (i 2021 er fristen 25. november). Prisen vert overrekt av ordførar på siste kommunestyremøte kvart år.

Vedtekter for Sogndal kommune sin kulturpris

Framlegg til kandidatar skal sendast postmottak@sogndal.kommune.no.