Kurset vart halde av ressurspersonane Trude Lundekvam og Chatrine Elholm frå Nok. Sogn og Fjordane, tidlegare Senter mot incest og seksuelle overgrep Sogn og Fjordane. 

«Hjartesamling» er ein metode for å kunne gje barn eit språk og verktøy til å kunne fortelje om det som er vanskeleg. Sentrale tema er berøringar, kjensler, mobbing, hemmelegheiter og kroppen.

Arrangør av samlinga var oppvekstsektoren i kommunen i samarbeid med folkehelseprosjektet Livsmeistring - robuste barn og unge, eit samarbeidsprosjekt mellom Luster kommune og Sogndal kommune. Ei tilsvarande samling vart halde for barnehagane i Luster 1. februar.

Med oppvekstreforma som bakteppe vert kommunane oppmoda om å satsa endå meir på førebygging og tidleg innsats. Innføring av «Hjartesamling» vil vera med på å styrka det førebyggande arbeidet i Sogndal kommune.

14. desember vedtok kommunestyret i Sogndal ein plan for førebygging av åtferdsvanskar og omsorgssvikt, "Saman samtidig". Kunnskap om, og arbeid mot vald og seksuelle overgrep er eit av hovudmåla i planen: Ingen barn og unge i Sogndal kommune skal utsettast for vald og seksuelle overgrep. 

Prioritert strategi er mellom anna:

  • Tilsette skal gi barn og unge kunnskap og kompetanse om kropp og grenser slik at dei er trygge nok til å seie ifrå til vaksne om vanskelege ting.
  • Tilsette i Sogndal kommune skal kjenne att teikn og signal, og vite korleis dei skal handle tidleg ved avdekking av vald og seksuelle overgrep.

Marte Krogstadmo, prosjektleiar for livsmeistringsprosjektet seier: "Å gje barn kunnskap om kropp og seksualitet er ikkje farleg". Marte var strålande nøgd med samlinga, og tilbakemeldingane frå deltakarane var at dette var veldig bra og nyttig med flinke førelesarar frå Nok. Sogn og Fjordane, som var direkte og klare i talen.

Hjartesamling er ein enkel og god metode som barnehagane kan bruke i samtalar med barna for å gje dei kunnskap om desse viktige temaa. Metoden gir barnehagane eit godt system på korleis dei kan jobbe med dette slik at barn blir i betre stand til å beskytte seg sjølv, seie ifrå og respektere andre sine grenser.