LTU – Lokaltransport for ungdom skal gje ungdom mellom 13 og 19 år høve til å delta på fritidsaktivitetar og andre sosiale arrangement. Er nokon i reisefølgje over 19 år, må desse betale full pris. Sogndal ungdomsråd har saman med Sogndal kommune fått midlar frå Vestland fylkeskommune til ordninga. Ordninga er ope så lenge det er midlar tilgjengeleg. For oppdatert informasjon følg med på Sogndal kommune si nettside under «Oppvekst og utdanning» - «Ungdom».   

Viktig informasjon 

  • Eigenandel er 50 kroner per person kvar veg 
  • Tilbodet gjeld for ungdom 13–19 år 
  • Går det buss eller anna offentleg transport innan ein time, må ein nytte dette 
  • Arrangement eller aktivitet skal vere rusfritt 
  • Minimum tal passasjerar er 2 stk. 
  • Gjeld alle dagar i veka 
  • Tilbodet kan nyttast i Sogndal kommune og reiser til/frå nabokommunar  

Korleis fungerer det? 

  1. Ring den sentralen som er nærast deg 
  2. Sei at du vil nytte transport for ungdom-ordninga 
  3. Gje namn, alder, tal passasjerar, adresse og reiserute 
  4. Betal eigenandel på 50 kroner per person for reisa 

Kontaktinformasjon taxi  

Sogndal Taxisentral
Tlf.: 57671000 

Leikanger Taxisentral 
Tlf.: 57653123 

Balestrand Taxi 
Tlf.: 95956113 

For spørsmål ta kontakt med Jarle Teo Andersen, rådgivar oppvekst og sekretær for ungdomsrådet i Sogndal kommune.  

E-post: jarle.teo.andersen@sogndal.kommune.no