Ved overgang til nytt sak- og arkivsystem i 2022 vart det gjort ulike innstillingar i systemet som har ført til at ein del post ikkje har vorte synleg på postlista til rett tid.

Dette vart nyleg oppdaga, og me jobbar no iherdig for å ordna opp i dette. All post vil komma på postlista i løpet av kort tid. Post/dokument vil verta synlege på den datoen dei vart journalførte.

Sogndal kommune beklagar dette og dei ulempene det kan ha ført til, og me går no gjennom rutinar og innstillingar for å hindra at noko liknande skjer igjen.