Sogn barnevern treng fleire besøksheimar og støttekontaktar. Alle barn er unike med ulike behov, og me ynskjer å ha ein god database med kandidatar for å finna den rette vaksne til det einskilde barnet. Difor ynskjer me at fleire registrerer seg hjå oss.

Kva vil det seia å vera besøksheim?

Å vera besøksheim inneber å ta imot eit barn eller ungdom ei eller fleire helgar i månaden. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar som har eit særleg behov. Besøksheimen skal ikkje erstatte barnet sin heim, men vera ein ekstra ressurs for barnet.

Føremålet er at du med din familie og heim, tilbyr eit avbrekk for eit barn eller ungdom frå ein familie som er i ein krevjande livssituasjon.

Det er viktig at besøksheimen består av trygge og stabile vaksenpersonar som har husrom og hjarterom. Barna vil ha stor glede av både kvardagslege og kjekke aktivitetar.

Kven er besøksbarna?

Barna kan ha nytte av å vera saman med andre familiar. For mange av barna er det behov for å oppleva andre rammer med fleire trygge vaksne som bryr seg om dei. Kontakten med dei vaksne har som mål å gje barna overskot, lærdom, stimulans, glede og tryggleik. Alderen på besøksbarna er frå 0-18 år.

Kva vil det seia å vera støttekontakt?

Nokre barn treng fleire vaksenpersonar som er forutsigbarne, som representerer eit fast haldepunkt og som kan bidra til nye positive erfaringar. Støttekontakten bidreg til å gje støtte slik at barn og unge kan meistra ulike oppgåver og situasjonar betre.

Som støttekontakt kan du vera med og gi barnet eller ungdommen ei meiningsfull fritid, auka tru på seg sjølv, noko å sjå fram til og gode minne. Du og barnet kan til dømes gå tur, gå på kafé, kino, trening eller andre sosiale aktivitetar, avhengig av barnet sine interesser og ynskjer. Det skal vera givande både å ha og å vera støttekontakt.

Støttekontakten treng ikkje å ha ein fagleg bakgrunn, men vil få råd og rettleiing frå tilsette i barnevernstenesta.

Slik registrerer du deg

Vil du støtta familiar med særlege behov ved å vera besøksheim eller støttekontakt?

Fyll ut søknadsskjemaet, så vil registreringa di bli lagra i ein database. Ved behov for besøksheim eller støttekontakt vil me sjekka databasen for nokon som kan passa det aktuelle barnet. Om det er deg, vil du bli kontakta.

Som besøksheim eller støttekontakt får du godtgjering frå kommunen.
Besøksheim er løna etter KS-sats.

Søknadsskjema finn du her:

Har du spørsmål, ta kontakt med Sogn barnevern (vakttelefon dagtid): 97 50 60 95