Sogndal kommune har oppretta brukarutval for tenesteområda sjukeheim og heimeteneste, bu og miljøteneste og psykisk helse og rusteneste. Kriteria for å vere medlem i brukarutval, er at du er tenestemottakar (pasient, brukar) eller pårørande.
Brukarutvala skal sikre system for innhenting av erfaringar og synspunkt frå pasient, brukar og pårørande, og kommunen skal bruke dette i sitt forbetringsarbeid og utvikling av tenestene.
Brukarrepresentantane er medlem av brukarutvalet for ein periode på 2 år. Brukarutvalet skal ha møte 3 gonger årleg.
Møtetidspunkt, sakliste og referat for møte i utvala finn du i møtekalenderen til kommunen
Ta gjerne kontakt med sekretær for utvala, Gunn Ragnhild Rimala, for meir informasjon.
Telefon: 91 62 61 19
e-post: Gunn.Ragnhild.Rimala@sogndal.kommune.no