Det er oppretta ein eigen Divspes i Visma som alle skal bruke: 
98000 Korona 2020

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har lagt ut informasjon om å auke tilskotet til kommunane for å dekke ekstra utgifter som følgje av arbeidet med Korona – viruset.
Sjå artikkel frå KMD
Fylkesmannen får i oppdrag å fordele summen som blir tildelt Vestland fylke.

Alle utgifter i samband med koronaviruset skal førast på dei kontoar, ansvar og tenester der  utgiftene oppstår. For å kunne skilje ut meirutgifter som gjeld koronaviruset skal det i tillegg påførast eigen Divspes på meirutgiftene. Dette gjeld for alle typar utgifter.

Minner særskilt om at det er viktig å påføre Divspes på ekstra lønsutgifter då vi reknar med at det er her det meste av meirutgiftene vil vere. Dette gjeld m.a ekstravakter, ekstrahjelp og engasjement, overtid m.m.

Divspes må påførast i forsystema dersom dette er mulig. Dersom dette ikkje er mulig må kvar enkelt tenesteeining halde styr på og lage ein oversikt over utgiftene knytt til dette for manuell føring i rekneskapen.

Eventuelle inntekstbortfall som følgje av dette må meldast inn til økonomisjefen. Dette gjeld med unnatak av brukarbetaling barnehage og SFO som vi har god kontroll på.

Har du spørsmål, ta kontakt med Erikka Torgersen:
erikka.torgersen@sogndal.kommune.no
Tlf. 57 65 25 46