I den nye løysinga vil du finna både postlista med inngåande og utgåande post, saker sorterte etter organisasjonskartet i kommunen, møtekalender for politiske møte og politiske saker.

Ein stor skilnad får den tidlegare løysinga, er at dokumenta i postlista no bli lagde ut i fulltekstversjon. Det betyr at ein ikkje lenger må bestilla dokument som er offentlege og få dei tilsende på e-post. I den nye løysinga vil ein få direkte tilgang til dokumenta. Dokument som ikkje er offentlege, vil ein ikkje kunne opna. Slike dokument lyt ein framleis be om innsyn i.

For å sikra god kontroll av dokumenta som bli lagde ut, vil postlista blir publisert med ei forseinking på to dagar.

Postlista finn du enklast ved å kikka på heim-knappen i menyen til høgre i den nye innsynsportalen. Klikkar du på menypunktet «organisasjonskart» i menyen, vil du få opp alle saker fordelte på kommunalsjefområde og avdeling. Her vil du finna dokument knytt til sakene når dokumenta er registrerte og godkjende.

Under menypunktet «utval» finn du møtekalenderen med oversyn over politiske møte og saker. Hovudregelen er at sakliste og sakspapir skal vera tilgjengelege seks dagar før møtet. Du vil då få sjå saklista og sakspapira ved å klikka på datoen for møtet i kalenderen.

Gå til innsynsportalen

Politisk møtekalender før 01.01.2022

Postliste før 18.12.2021