Feiringa gjekk føre seg i to omgongar, der fyrst inviterte gjester var med på feiringa. Ordførar, tenesteleiar for barnehage og tidlegare tilsette, før føresette, sysken og besteforeldre kom for å feire den spreke 40-åringen.
Vikarierande styrar Aud Torunn Strømseng held tale, og oppsummerte dei 40-åra, og kva kvalitetar barnehagen set fremst. Ordførar Stig Ove Ølmheim helsa frå kommunen, og trekte fram at Nybø barnehage er «framme i skoen», der utvikling og kvalitet er i fokus med mykje aktivitet ute.  I gåve frå kommunen vanka det blomar, to epletre og eit stormkjøkken. Barnehagebarna framførte sin eigen flotte jubileumslåt, og eit par vårsangar. Imponerande flinke å synge i Nybø barnehage.

Vidare var det laga til utstillingar over arbeid som dei har gjort i barnehagen over tid, og veggaviser med historia til bygningane barnehagen held til i.

Ei flott feiring av Nybø barnehage på veg inn i 17.mai-helga!

Nybø bhg