Ein person står og held tale.
Kvåle skule starta skuleåret med tale til elevar og tilsette frå rektor og ordførar. (Foto: Torill Fimreite Cirotzki)

702 barnehagebarn og 1509 elevar tek i desse dagar spent fatt på det nye året.

- Det er eit mangfald av barn og unge som alle har ulike føresetnadar, behov, interesser, mål og draumar, seier Frode Grøttebø, tenesteleiar for skule i Sogndal kommune.

Ei gruppe elevar syng.
Skulestart ved Trudvang skule måndag morgon. Skulen skal nytta Guridalsbygget som undervisningslokale for 4.-5. trinn og velkomstklasse 4.-7. trinn i samband med bygging av nye Trudvang skule. (Foto: Trudvang skule)

Nye skulebygg

I Sogndal sentrum er det teke i bruk nye skulebygg, både for Trudvang og Kvåle skule.

Kvåle skule har auka klassetal og har teke i bruk nytt modullbygg for å ha tilstrekkeleg klasseromskapasitet.

Trudvang skule har teke i bruk Guridalsbygget på Campus for å gje opplæring til 4. – 5. trinn.

- Bygget er sett i stand i sommar og har gode område både til opplæring og leik. Det har vore ein god prosess med føresette og tilsette for korleis denne løysinga skal vere best mogleg med tanke på både organisering, logistikk og pedagogikk. I prosessen har det vore god dialog med miljøretta helsevern og partsamarbeidet på skulen for å vere trygg på at elevane startar skuleåret i eit godt skulebygg. Dei tilsette på skulen har saman med entrepenørane gjort ein strålande jobb for å gjere bygget klart til bruk, fortel Grøttebø.

Fire personar oppstilt.
Utvalsleiar Rune Haug (levekår) og Clara Øberg (plan og samfunn) ved Guridalsbygget, saman med Kenth-Rune Teigen Måren, kommunalsjef oppvekst, og kommunedirektør Tor-Einar Skinlo. (Foto: Sogndal kommune)

Utvalsleiarar på besøk

Utvalsleiarane Rune Haug (levekår) og Clara Øberg (plan og samfunn) vitja måndag Guridalsbygget, saman med Kenth-Rune Teigen Måren, kommunalsjef oppvekst, og kommunedirektør Tor-Einar Skinlo.

I kommunen har me åtte grunnskular, og ti kommunale og fire private barnehagar. I tillegg gjev me opplæring til vaksne på Sogndal opplæringssenter og leirskuletilbod på Korall leirskule.

Trygg skuleveg

Har du skuleelevar eller barnehagebarn? Her er fem tips som kan gjere vegen tryggare:
  • Øv på skulevegen saman
  • Følg borna dei første dagane
  • Vel den tryggaste ruta
  • Sykle saman – born bør vere 10–12 år før dei syklar aleine
  • Køyre til skulen? Stopp gjerne litt unna og la bornet gå det siste stykket saman med andre

Bur du langs nokon sin skuleveg? Trygg trafikk og Sogndal kommune oppmodar deg om å sjå etter at hekkar og busker ikkje er til hinder for sikt: Klipp hekkar og busker til skulestart - SOGNDAL KOMMUNE