Vedtak i kommunestyret 19.12.2019, sak 42/19

1. Framlegg til budsjett og økonomiplan 2020 – 2023 for Sogndal kommune vert vedteke slik det ligg føre

2. Det vert sett i gang prosess med mål om innsparing på 16,4 mill. kr i 2020, 31,4 mill. kr i 2021, 46,4 mill. kr i 20222 og 46,4 mill. kr i 2023. Agenda Kaupang sin økonomiske analyse av Sogndal kommune vert lagt til grunn i arbeidet

3. Eigedomsskatt
Med heimel i eigedomsskattelova §§ 2 og 3, og med bakgrunn i lovforslag om ny overgangsføresegn i eigedomsskattelova § 13 tredje ledd for kommunar som er slege saman, vert det fatta fylgjande vedtak om utskriving av eigedomsskatt i Sogndal kommune for 2020:
a) Overgangsperiode etter eigedomsskattelova § 13 tredje ledd vert utsett til å starte i år 2021. For 2020 vert eigedomsskatten i tidlegare Sogndal, Balestrand og Leikanger då vidareført slik skatten blei skriven ut i 2019.

b) Utskrivningsalternativ, skatt skal skrivast ut på:
Tidlegare Sogndal: fast eigedom i heile kommunen (esktl. § 3 a). Skatteetaten sitt formuesgrunnlag vert nytta for utskriving av skatt på bustader.
Tidlegare Leikanger: område utbygde på byvis samt næringseigedom og energianlegg (esktl. § 3 f)
Tidlegare Balestrand: næringseigedom og energianlegg (esktl. § 3 d)

c) Særskilde skattegrunnlag, det vert skriven ut skatt på dei særskilde skattegrunnlaga i dei tre tidlegare kommunane redusert med to sjuandedelar i 2020 (overgangsregel til esktl. §§ 3 og 4 første ledd første pkt.).

d) Fritak for eigedomsskatt, eigedomar som i 2019 har fått fritak etter esktl. §§ 7 a og 7 b får tilsvarande fritak i 2020. Fritak etter esktl. § 7, kan verte gjeve til andre kvalifiserte eigedomar etter søknad, før utskriving finn stad i 2020.

e) Skattesatsar:
Tidlegare Sogndal: Generell sats 7 promille, sats for bustad/fritid 2,6 promille.
Tidlegare Balestrand: Generell sats 7 promille.
Tidlegare Leikanger: Generell sats 7 promille, sats for bustad/fritid 4,0 promille.
Skattesatsen på dei særskilde skattegrunnlaga er 7 promille i Sogndal, Leikanger og Balestrand (overgangsregel til esktl. §§ 3 og 4 første ledd siste pkt.)

f) Tal terminar: Eigedomsskatten skal betalast over 2 terminar (esktl. § 25) med same terminforfall som for kommunale avgifter.
 

4. Rådmannen får fullmakt til å ta opp nye lån:
a) 65,930 mill. kr til investering
b) lån til vidareutlån (startlån) med 15 mill. kr.

Drift:

1. Norskopplæring i Balestrand vert oppretthalden i 2020. Finansiert av flyktningemidlar/fon

​​2a. Halleige Sogndal på kr 300 000,- vert lagt inn att i budsjettframlegget.Finansiert av fond.

2b. Me ber administrasjon leggje fram ei oversikt over tilskotsordningar og støttebeløp i høve kultur- og idrettsføremål som kommunane yter i dag

3. Sogndal kommune sin ordning med støtte til politiske parti vert vidareført i den nye kommunen

4. Kommunestyret ber administrasjonen legge fram eit kostnadsoverslag våren 2020 over meirkostnadene ved at barnetrygda ikkje vert rekna som foreldreinntekt når ein reknar ut sosialhjelp

5. Det er ønskeleg å legge om opptaksrutinane i barnehagane til å ha fleire enn eit opptak i året. Kommunestyret bed om ei sak i løpet av 2020 som gjer greie for eventuell kostnad og korleis dette praktisk kan gjennomførast.

Investering:
1a. Gjennomføring av investeringstiltaket Tverrdøla bru vert flytta fram til 2020

1b. Kommunestyret ber administrasjon våren 2020 utarbeide ein tilstandsrapport over kommunale vegar. Dette som grunnlag for prioriteringar av investeringstiltak/investeringsplan

2. Arbeidet med planlegging av symjebasseng på Leikanger skal setjast i gong i 2020. Kommunen set av 1,25 mill. til arbeidet, finansiert med fondsmidlar. Kommunestyret ynskjer å bli halden godt orientert om arbeidet, og tek sikte på å få innarbeidd prosjektet i økonomiplanperioden 2021-2024

3. Arbeidet med fleirbrukshall- og basishall i Sogndal er sett i gang. 1.0 mill. vart sett av i 2019 til prosjektering. Kommunestyret ynskjer å bli halden godt orientert om arbeidet i byggjenemnda i 2020, og tek sikte på å få innarbeidd prosjektet i økonomiplanperioden 2021-2024

4. Bustadområde Henjabakkane i Leikanger vert avklart i 2020 med tanke på føresetnader for realisering

5. Bustadtilrettelegging på Hittun i Balestrand vert avklart i 2020 med tanke på føresetnader for realisering.