Reguleringsplanar er plankart med tilhøyrande føresegner som regulerer bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader, for bestemte område i kommunen. Planane kan omfatte eitt eller fleire arealformål, til dømes bustad, forretning, friområde med meir.
Reguleringsplanane som gjeld Sogndal kommune er tilgjengelege i planregisteret. Her finn du både plankart, føresegner og vedtak.
I kartportalen vår, kommunekart, finn du arealplanar i kartet, og kan søkja på adresser, stader og eigedomar.
Du finn også ei fin kartvisning for kommunen i Norgeskart.
Er du på jakt etter informasjon om pågåande planarbeid eller vedtekne planar finn du dette under Planar og kunngjeringar.
For deg som utarbeider reguleringsplanar
Her kjem informasjon for deg som er plankonsulent.
Lenke til planpakke.