På møtet ble det presentert rammer, mål og framdrift for områdeplanen. Asplan Viak, presentere og 3 konseptskisser som har blitt utarbeida i lag med kommunen. Konseptskissene er grove skisser som er utarbeida med bakgrunn i planprogrammet sine mål og rammer, men og møter kommunen og Asplan Viak har hatt med grunneigarar og personar som er definert som «interne aktørar». Skissene er ment å gje føringar og rammar for vidare planarbeid, som t.d. kor ein skal leggje til rette for utbyggingsareal, infrastruktur, type utnytting m.m. 

 

I medverknadsmøtet vart det haldt ein workshop der ein ønskja tilbakemelding på 

  • området sin identitet
  • viktige omsyn i området
  • kven som skal bu og/eller bruke området
  • korleis området bør sjå ut om 10-20-30 år
  • korleis kan ein bidra til at det blir ein god og realistisk plan, eller eit godt sted

 

Innspela frå medverknadsmøte blir samla i eit referat og lagt ved den politiske saka i Plan- og forvaltningsutvalet 29.november. I dette møtet skal politikarane fatte eit prosessvedtak med bakgrunn i konseptskissene, som skal gje rammer for vidare arbeid.

 

Frist:
Om du ønskjer å gje skriftlege innspel til konseptskissene, send ein e-postmelding til ane.janzy.yde.aasen@sogndal.kommune.no eller postmottak@sogndal.kommune.no innan 5.november. 
Innspela blir ikkje besvart eller merknadsbehandla, men vil bli lagt ved den politiske saka i sin heilheit. 

 

Klikk på linkane under for å sjå presentasjonane og konseptskissene frå møtet, samt referat og skriftlege innspel kome inn i etterkant av møtet
Presentasjon frå kommunen 
Presentasjon av konseptskisser 
Referat frå møtet
Skriftlege innspel i etterkant av møtet