Til stades på arrangementet var mellom andre ordførar Arnstein Menes, fylkesordførar Jon Askeland og tidlegare ordførar Jarle Aarvoll.

Menes rosa gamle Sogndal kommune for å ha jobba svært godt med prosjektet.

- Fjordstien er verkeleg vorte eit landemerke og noko me alle kan vera stolte av. Og denne brua fullfører no samanbittinga av Sogndal sentrum, med området på Sjøkanten og Nortura på eine sida og Lerum brygge og Fjøra på den andre, sa ordføraren i helsinga si.

Han la til at Fjordstien vert brukt av folk i alle aldrar og er eit lågterskel og tilrettelagt tilbod til dei som vil vandra langs fjorden.

Han trekte også fram det store engasjementet namnet på brua skapte, og der politikarane til slutt landa på namnet Osenbrui.

Prosjektleiar i Sogndal kommune, Eirik Rygg, og Eyvind Øgar frå arkitetfirmaet Stiv Kuling nytta høvet til å seia nokre ord, før fylkesordførar Jon Askeland fekk æra av å stå for snorklippinga.

Krudlalaget var også på plass og bidrog med song til dei frammøtte.

Benkane som skal stå på brua, kjem om eit par veker.

Det blir, i samråd med familien til Arve Beheim Karlsen, lagt planar for eit minnesmerke i tilknyting til brua.