Området vert sikra med byggegjerde, og parkeringsplassane vil vere stengde under heile byggeperioden. Når den nye skulen står ferdig, vert desse parkeringsplassane avvikla permanent.

Tilgjengelege parkeringsplassar:

  • 5 plassar + 1 HC-plass i midtrabatten vil framleis vere opne. Desse er tiltenkt besøkande til legevakta.
  • Maks parkeringstid: 2 timar mot avgift.
  • Parkeringsautomaten som var plassert ved murbygget vil verta flytta nærare inngangen til legesenteret for enklare tilgang.

Alternative parkeringsløysingar:

  • Parkeringskjellaren under Sogndal helse- og omsorgssenter (SHOS): Innkøyring frå Dalavegen (Er skilta med P-hus) Her er det framleis god kapasitet, og det er enkel tilkomst til alle etasjar via både trapp og heis. Det er og 4 reserverte HC plassar og 4 ladeplassar i P-huset.
  • Dalevegen 2: Ute parkering og i parkeringshuset.
  • Langtidsparkering:
    • Øyane (Granden)
    • P-taket ved Sjøkanten (Stedjevegen 38)

Vi beklagar dei ulempene dette kan medføre for innbyggjarar og besøkande, og ber om forståing for at endringane er nødvendige for å realisere den nye, flotte sentrumsbarneskulen i Sogndal. Dette prosjektet vil gje eit moderne og framtidsretta læringsmiljø for komande generasjonar.