Over nyttår er nye Sogndal kommune i gang, og det skal markerast med ulike kulturarrangement fleire stadar i kommunen.

–  Det blir både markering av at noko har teke slutt, samtidig som me gler oss over det nye, fortel varaordførar Vibeke Johnsen.

Tettstadvandring

Ei arbeidsgruppe jobbar no, saman med lag og organisasjonar, for å få programmet i hamn. Johnsen håper folk i den nye storkommunen vil få med seg arrangement også i dei delane av kommunen som dei ikkje er i til vanleg.

– Me skal ha tre tettstadvandringar, i Leikanger, Balestrand og Sogndal, og her håper me folk òg er nyfikne på vandringane på stadar der dei kanskje ikkje er så godt kjende, seier ho.

– Der folk er

Tettstadvandringane går føre seg dei tre første laurdagane i januar, 4. januar i Sogndal, 11. januar i Leikanger og 18. januar i Balestrand. I samband med tettstadvandringane vil det bli eit kort kulturarrangement dei same stadane.

– Me vil då bringa kulturen dit folk er, på Sogningen, i Saften og i Balestrand sentrum, fortel Johnsen.

Ungdomskonsert

Ein viktig del av markeringa av den nye kommunen er ein ungdomskonsert på studenthuset Meieret i Sogndal 5. januar.

– Lokale band og artistar spelar på Meieriet denne sundagen, og me vonar ungdommar frå heile kommunen kjem for å høyra, seier Johnsen. 

Tidlegare på ettermiddagen same dagen vert det ungdomskino i Sogndal kulturhus.

Sjukeheimane i Leikanger og Balestrand får vitjing av distriktsmusikarane torsdag 9. januar og Sogndal helse- og omsorgssenter 10. januar.

Samlast i Saften

11. januar blir det ei stor kulturmarkering i Saften i Leikanger. Til dette arrangementet har kommunen hyra inn eksterne produsentar.

– Her vil me syna fram noko av det rike kulturlivet som er i den nye kommunen. Me gler oss og ynskjer folk velkomne til Saften denne dagen, seier Johnsen og håper folk frå heile den nye kommunen vil bli med på denne store markeringa av starten for nye Sogndal kommune.

Fakkeltog

Men alt 31. desember vil markeringane vera i gang. Då blir innbyggjarane inviterte til å vera med på fakkeltog i Balestrand, Leikanger og i Sogndal. I Stedje kyrkje og i Den engelske kyrkja i Balestrand vert det midnattsmesse denne kvelden, medan det i Leikanger kyrkje blir minnegudsteneste, slik det er tradisjon for her.

– Fakkeltog er ei vakker oppleving, og me i arbeidsgruppa ønskjer alle velkomne til ein fin-fin inngang til eit nytt år og ein ny kommune, seier Johnsen.

I tillegg til programmet som arbeidsgruppa har regien på, vil fleire arrangement som alt er planlagde, bli tekne med i programmet for markering av den nye kommunen, blant desse ein konsert med Sogndal storband, Sogndal musikklag og korps 15. januar.

 Stor interesse

– Lag og organisasjonar har vist stor interesse for å vera med på markeringane. Det er mykje spennande som skjer i den nye kommunen, seier Johnsen.

Følg med på heimesida og facebooksida til nye Sogndal framover for meir informasjon om arrangementa, billettar og program.