RPH - ein gjevande og innhaldsrik haust
Hausten 2025 i Rask Psykisk Helsehjelp i Sogndal har vore hektisk, men svært gjevande. Intro-kurset vårt i kognitiv åtferdsterapi og stressmeistringskurset har gått jamt gjennom heile hausten, med høg deltaking. I tillegg har me halde fleire føredrag i samband med verdsdagen for psykisk helse, både internt i kommunen og for Vestland fylkeskommune. Årets tema, stress og uro, har tydeleg truffet ei nerve blant deltakarane.
Me har òg hatt spennande besøk frå andre kommunar som ønskjer å lære meir om RPH-modellen i praksis. Voss kommune, som vurderer å starte sitt eige RPH-team, var fyrst ut. Her delte me erfaringar frå oppstarten i 2022 og vegen vidare, noko som gav oss eit nyttig høve til å evaluere vår eigen utvikling. Seinare i haust fekk me besøk av Bjørnafjorden RPH. Dei har vore etablerte ei stund, og me hadde ein god utveksling av erfaringar. Eit særleg tema var korleis me når ut med kurs som eit like godt behandlingstilbod som ein-til-ein-samtalar. Her opplever me å ha lukkast, og me ser god effekt av kursa våre. Kurs bidreg òg til normalisering og fellesskap rundt psykiske helseplager.
Eit anna høgdepunkt har vore at både me og eit utval andre kommunar skal delta i eit forskingsprosjekt i regi av Folkehelseinstituttet. Nokre norske RPH-team skal bli følgde tett og vurderte på kvalitet og effektivitet i behandlinga. Prosjektet vil gi oss verdifull innsikt og hjelpe oss å vidareutvikle tenestene våre.
I samband med prosjektet har me jobba med å forbetre inngangsporten for nye brukarar. Målet har vore å skape ei brukarvenleg løysing som samtidig ivaretek gode vurderingar og eit tett samarbeid med psykisk helseteam i avdelinga vår. Me står framleis støtt i målet vårt om å sikre ein veg inn for alle som tek kontakt – og å gi kvar enkelt det behandlingstilbodet som passar best.
FAKTABOKS
Rask Psykisk Helsehjelp (RPH)
Kva er RPH?
• Eit gratis, kommunalt lågterskeltilbod for milde til moderate psykiske plager
• Bygger på kognitiv åtferdsterapi
• Ingen tilvising nødvendig
Målgruppe
• Personar over 16 år med:
– angst
– depresjon
– søvnvanskar
– stress og uro
• Passar ikkje ved akutt krise eller alvorleg psykisk liding
Arbeidsform
• Veiledet sjølvhjelp
• Kurs og gruppebehandling
• Individuelle samtalar (korttidsterapi)
• Tverrfagleg team med vidareutdanning i kognitiv terapi
Målet med RPH
• Rask tilgang til hjelp
• Redusere symptom og betre funksjon
• Styrke meistring i kvardagen
• Førebygge sjukefråvær og forverring av psykiske plager
Du kan ta kontakt med oss ved å fylla ut kontaktskjemaet: Kartlegging - Psykisk helsehjelp (KF-820-4640




