Oppdatert laurdag: Supphellevegen er stengd ved Tverrdølabrua. Kommunen vil i løpet av dagen gjera ei vurdering av omfanget av skadane og når vegen kan opna att.

NVE oppjusterte fredag flaumvarslet til raudt nivå.

Les varselet på varsom.no

Raudt farenivå er ein ekstrem situasjon som førekjem svært sjeldan, som krev tett oppfølging og som kan føra til store skadar. Situasjonen kan føra til omfattande oversvømmelse, erosjonsskadar og flaumskadar på infrastruktur og bygningar, opplyser NVE i ein nyhendeartikkel på varsom.no.

Råda frå NVE er å følgja situasjonen tett, halda seg unna vassdrag og vera særleg varsam dersom du ferdast ute.

Statens vegvesen ber i ei pressemelding fredag trafikantane om å vera varsame. Oppmodinga frå vegvesenet er at om du ikkje må ferdast på vegane, så lat det vera.

Sogndal kommune har sett i verk førebyggjande tiltak, og følgjer situasjonen.

Kommunen stengde følgjande vegar og bruer:

  • Supphellevegen, stengd ved Tverrdølabrua.
  • Hodlekve bru
  • Kvåle bru
  • Kommunal veg JoErddal KV 221
  • Gangveg frå riksvegbrua opp til Møllevegen på vestsida av Sogndalselva

Måndag er alle vegane og bruene opna att.

Store mengder vatn gjer at dei kommunale reinseanlegga ikkje klarer å ta unna, og avløpsvatn går difor i overløp.

Råd til privatpersoner | Varsom.no