Alt helsepersonell har forbod mot å reise utanlands frå 12. mars, og førebels ut april 2020. Dette gjeld både tenestereiser og privatreiser.

Andre tilsette i Sogndal kommune vert oppmoda om å unngå fritidsreiser.

Alle som kjem frå reiser utanom Norden, skal i karantene, uavhengig om dei har symptom eller ikkje. Tiltaket har tilbakeverkande kraft frå 27. februar.

Endring av fastsatt ferie

Endring av fastsatt ferie kan berre skje når dette er naudsynt på grunn av utforutsette hendingar, som medfører vesentlege problem med drifta og det ikkje er mogleg å skaffe vikar, jf. ferielova § 6 nr. 3 (1).

Arbeidsgivar skal vidare drøfte ei eventuell endring av ferien.

Arbeidstakar kan krevje erstatning for dokumenterte meirutgifter som følgjer av ei omlegging av ferien. Vilkåra for endring av allereie fastsatt ferie er strenge, og det må bli gjort ei konkret vurdering av om vilkåra er oppfylt. 

Det er derimot ikkje noko i vegen for at arbeidstakar og arbeidsgivar inngår avtale om å utsette ferien. Ein oppmodar den enkelte som står i ein slik situasjon til å drøfte dette med næraste leiar.

Avbestilling av reiser på grunn av reiseforbod/oppmoding frå regjeringa

Ein må kontakte sitt forsikringsselskap for å få sjekke om ein har rett til dekning av tap på grunn av kansellert reise.

Europeiske reiseforsikring skriv på sine sider: «Det er viktig at du tar kontakt med flyselskapet eller reisearrangøren din først. Det er først når du har fått oversikt over hva du ikke får refundert etter vanlige avbestillingsvilkår hos dem, at du kan søke om erstatning for tapte utgifter. Vi dekker avbestilling av alle utenlandsreiser som er avbestilt 12. mars eller senere, uavhengig av avreisedato. Reisen må være kjøpt før 12. mars.»

 

Ta vare på kvarandre og hjelp kvarandre!