For å kunne gjennomføra besøk, må både bebuaren og besøkande forstå og følgje desse krava:

Retningslinjer for besøk til bebuarar på institusjon:

  • Du må avtala besøket på førehand. Ta kontakt med avdelinga i god tid før. Dersom ein er her ofte, kan ein laga faste avtalar med avdelinga slik at ein slepp ringa før kvar gang. Eller eventuelt avtala at ein sender SMS viss det er vanskeleg å få svar, avtal med di avdeling.
  • Besøk skal fortsatt i hovudsak foregå inne på pasientrom, men ein kan no opphalda seg i egne fellesareal. Ein kan ikkje gå/trille tur inn på dei andre avdelingane, eller opphalda seg på stovene/gangen i avdelingane.
  • Egna areal kan nyttast til feiringar osv. Kan då vera fleire enn to samtidig. Men smittevernreglar MÅ overhaldast. Alle må vera friske, skriva seg inn i boka og fylla ut eigenerklæring og halda avstand.
  • Dei som ynskjer kan besøka pasient, maks to av gangen innandørs når ein er på rommet, i egna areal kan ein vera fleire, men ikkje fleire enn at 1 meters avstand kan oppretthaldast.
  • For utandørs besøk kan fleire vera tilstades, men ikkje fleire enn at 1 meters avstand kan oppretthaldast.
  • Pårørande og eventuelt frivillige kan ta med på tur/trilletur eller sykkel.

Generelle reglar:

  • Hald minimum 1 meters avstand mellom bebuaren og deg som er på besøk.
  • Du kan ha med blomar og gåver under besøket.
  • Kjæledyr kan ikkje vera med på besøk.
  • Ein av dei tilsette vil møta deg ved inngangen og følgja deg til rom/besøksrom til bebuar
  • Bebuaren og besøkande skal ikkje omgåst andre bebuarar, besøkande eller tilsette.
  • Besøk under måltid er ikkje ønskeleg, utover det ingen begrensningar. Ved endring i smittesituasjon eller viss me ser at det blir vanskeleg å oppretthalda retningslinene, kan det bli nødvendig å stenga heilt for besøk igjen. Det er svært viktig å følgja grunnleggande smittevernrutinar, spesielt god handhygiene.

Viktig:

  • Besøkande kan ikkje ha symptom på akutt luftvegsinfeksjon eller hatt nærkontakt med personar med bekrefta covid-19
  • Besøkande kan ikkje ha vore utanfor Noreg siste 10 dagar.
  • Personalet vil be deg om å lesa og signere ei eigenerklæring før besøket. Desse retningslinjene er til for å beskytta sårbare pasientar og bebuarar mot potensielt livsfarleg smitte.

Takk for at du følgjer dei!