Skal arbeidstakar ha lønn om ein må vere heime med barn fordi barnehage/skule er stengt?

Ein kan nytte omsorgsdagar når ein må vere vekke frå jobb fordi barnehage og skule er stengt.

Regjeringa vil dobla tal dagar ein har rett på (16.03.20) til 20 dagar for kvar føresett. (Endeleg vedtak krev Stortingsbehandling, som er planlagt i løpet av veke 12)

For større barn som ikkje har behov for «barnepasser» i den forstand, vil vilkåra for omsorgspeng ikkje vere oppfylt. Om det ligg føre et særskilt behov for at arbeidstakar må vere heime, kan arbeidsgjevar likevel vurdere om det kan leggast til rette for fleksible løysingar. Slike løysingar må avtalast med næraste leiar i førekant. 

Er du heime med born skal du bruke Korona - omsorg barn når du registrerar fråvær.

Kan arbeidstakar nekte heimekontor når ein er i karantene, men ikkje mottek sjukepengar?

Dersom arbeidsgivar pålegg ein tilsett å halde seg borte frå arbeidsplassen fordi arbeidsgivar meiner vedkommande kan vere smitta, vil dette i utgangspunktet liggje innanfor styringsretten då det vil vere sakleg grunn av omsyn til smittevern.
Arbeidsgivar har likevel lønsplikt i eit slikt tilfelle. Arbeidsgivar kan i ein slik situasjon påleggje heimekontor slik at arbeid så langt mogleg kan bli gjort heimanfrå.

Har arbeidstakar rett på sjukepeng ved mistanke om koronasmitte?

Arbeidstakar som er eller det er grunn til å tru er berar av koronaviruset, kan ha rett til sjukepengar etter folketrygdlova § 8-4 første ledd.

Regjeringa oppfordrar arbeidsgivar til å akseptere eigenmelding som dokumentasjon for fråværet for å avlaste fastlegane og legevaktslegane.

Dersom du er i den gruppa som helsemyndigheitene har pålagt karantene, kan du ha rett til sjukepeng. Dette gjeld og om kommunelegen har pålagt deg karantene. 
Dersom du ikkje kan jobbe heimanfrå, må du spørje næraste leiar om du kan bruke eigenmelding. 

Bruk av eigenmelding

Dei som er sett i karantene på grunn av pålegg frå myndigheitene har ikkje rett til ordinære sjukepeng, men må bruke eigenmeldingar. I desse tilfella må dei tilsette sjekke med arbeidsgivar kor mange eigenmeldingsdagar dei har.

Myndigheitene oppmodar arbeidsgivar til at dei tilsette i pålagt karantene skal kunne nytte utvida eigenmelding i 14 dagar.

Regelverket opnar for at arbeidsgivar kan gi utvida eigenmelding i heile arbeidsgivarperioden på 16 dagar.
Regjeringa oppmodar til bruk av eigenmelding for å avlaste legekontora.

Vi vil innstendig oppmode til god dialog mellom arbeidsgivar (næraste leiar) og arbeidstakar i denne krevjande situasjonen. Ta kontakt med din næraste leiar for avklaring.

Er du i karantene skal du bruke Korona - karantene (eigenmedling) når du registrerar fråvær.

Har arbeidstakar som isolerer seg på eige initiativ rett på sjukepengar?

Arbeidstakar som på eige initiativ vel å halde seg heime, og som ikkje sjølv er smitta har ikkje rett til sjukepeng.

Har du sjølv valgt å gå i karantene skal du bruke Korona - karantene (trekk i løn) når du registrerar fråvær.

Andre i husstanden er satt i karantene

Du har ikkje rett til sjukemelding dersom du må vere heime fordi andre i husstanden er sett i karantene utan å vere sjuke, men du kan ha rett til å bruke omsorgsdagar.  
Dersom dei andre i husstanden er sjuke, kan du ha rett til sjukmelding fordi du sjølv kan vere smitta og då skal vere i karantene.

Ein føresett har samfunnskritisk funksjon

Dersom ein føresett er tilsett innanfor samfunnskritisk funksjon og må på jobb, er det den andre føresette som må vere heime med barn på grunn av stengt barnehage og skule.

Føresette innanfor samfunnskritiske funksjonar stilling kan ikkje nekte å stille på arbeid for å vere heime med barna.
Dersom begge føresette har slik samfunnskritisk funksjon vil dei ha rett på tilbod i barnehage eller skule.

NB!! Må du ha sjukemelding ringer du legen din - ikkje møt opp på legekontoret, men me oppmodar til bruk av eigenmelding i situasjonen slik den er no.  

Ta vare på kvarandre og hjelp kvarandre!