I tekstmeldinga som du får på mobiltelefonen, får du informasjon om at du kan gå inn på nettsida c19.no/vaksine og bestilla time.

Det gjer du slik:

  • Logg deg inn med ID-porten på c19.no/vaksine for å bestilla time til vaksinering.
  • Vel kva fylke og kommune du tilhøyrer.
  • Vel om du vil bestilla for seg sjølv, for nokon andre, eller både for deg sjølv og nokon andre. (det er berre mogleg å bestilla for personar som er registrerte i prioriteringsgruppa.)
  • Dersom du bestiller på vegner med nokon andre, må du fylla inn namn, fødselsnummer og telefonnummer til den personen du bestiller for.
  • Dersom du eller den du prøver å bestilla time på vegner av, ikkje er i prioriteringsgruppa, vil du få beskjed om det, og du vil då ikkje få bestilt time.
  • Når du bestiller time, må du svara på om du er helsepersonell. Det er fordi det blir ført statistikk på kor mykje helsepersonell som er vaksinert.
  • Du får ein kvittering når du har bestilt time. Her kjem alle informasjonen du treng opp. Har du bestilt for fleire personar, vil det kome fram på same kvittering. Du vil få stadfesting på SMS til telefonnummeret du oppgav i bestillinga. Vil du avbestilla vaksinering med første dose, kan du gjera det i kvitteringa.
  • Du vil få ein SMS med påminning om timen 24 timar før vaksinasjonen.

Du har moglegheit til å takka nei til vaksinasjon. Dette må du gjera på c19.no/vaksine, etter at du har fått SMS om at du er i prioriteringsgruppa.

På vaksinasjonsdagen møter du opp til det tidspunktet og på den staden du har fått beskjed om. Tid og stad finn du i kvitteringa du fekk då du bestilte time. Du får vaksinen, og så må du venta 20 minuttar for observasjon.

Personar som står i folkeregisteret utan mobiltelefon prøver kommunen å nå ut til på andre måtar. Dersom du er i ei aldersgruppe som blir vaksinert og du ikkje har fått tilbod om vaksine, er det viktig at du kontaktar legekontoret ditt og seier frå.

Ved spørsmål om koronavaksinering eller endring av timar, må du kontakta legekontoret du tilhøyrer:

  • Sogndal legesenter:  57 62 97 00
  • Leikanger legekontor:  57 65 27 20
  • Balestrand legekontor:  57 65 13 00

Meir informasjon om koronavaksine finn du her på nettsida til kommunen