- Dette er mange samanlikna med det Sogndal kommune har hatt til no, men smittesporinga har klarlagt at smitten har kome ved innreise til landet og at det har smitta vidare til nærkontaktar som er testa etter å ha vore i karantene ein periode, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø.

Han opplyser at kommunen er i tett dialog med Folkehelseinstituttet og følgjer dei råda dei får derfrå.

- Me har ikkje teikn til ein generell smitte ute i befolkninga i kommunen. Dette er smitte som har kome inn til kommunen utanfrå, og me vil ikkje innføra smitteverntiltak no utover dei generelle nasjonale retningslinene, seier han.

Husabø gjev ros til arbeidsgivarar og andre som har følgt råda som har vorte gjevne om testing og karantene. Det er det som gjer at me finn dei smitta personane og får stoppa vidare smitte.

- Dette er grunnen til at me enno har bra oversikt over situasjonen. Me oppmodar alle om å følgja desse råda også framover, seier han.

Smittevernlegen minner om at det er viktig at alle følgjer dei vanlege smittevernråda i kvardagen.

- Hald avstand, vask hender og hald deg heime om du er sjuk.

Meir informasjon knytt til koronavirus frå Sogndal kommune finn du her